Vikariat avdelingsleder

Bergen kommune

  • Ytre Arna, Bergen
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingenVil du bli med oss i team YA? Vi har eit vikariat som avdelingsleiar ledig omgåande for hausten 2025.Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har om lag 50 tilsette og 215 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. Vi er base for morsmålslærarar, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.På Ytre Arna skule vil du leie ei raus og inkluderande personalgruppe som er svært utviklingsorientert. Vi tar utviklingsarbeid på alvor, og vårt hovudsatsingsområde «Inkluderande skulemiljø og inkluderande undervisning» er ein raud tråd i alt arbeid vi gjer saman i profesjonsfellesskapet. På Ytre Arna skule har vi tru på at alle kan og vil lære, og vi likar best å lære saman. Les gjerne meir om våre strategiar og faglege standardar på nettsida til skulen.Hos oss blir du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor, avdelingsleiar for småtrinnet, avdelingsleiar for SFO, samt konsulent. Leiarteamet er tilgjengelege for alle på skulen, og vi er opptekne av å høyre kva skulen sine elevar, tilsette og føresette meiner.Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.Den ledige stillinga er eit vikariat som avdelingsleiar for mellomtrinnet. Skal du arbeide hos oss må du sjå verdien av å bruke mykje av tida di der elevar og tilsette på avdelinga di er. Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:06.09.2025Arbeidsgiver:Bergen kommuneStillingstittel:Vikariat avdelingsleder Ytre Arna skuleStillinger:1Heltid / Deltid:HeltidAnsettelsesform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5003556134Startdato:01.10.2025Sluttdato:31.01.2026Sosial deling :Arbeidsoppgaver
  • Overordna ansvar for 5.-7.trinn
  • Personalansvar på eiga avdeling
  • Arbeid med elevane sitt skulemiljø
  • Resultatoppfølging
  • 30 % undervisning på eiga avdeling
  • Leie skulen sitt utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet
  • Vikaransvar i periodar
  • Administrative oppgåver
Kvalifikasjoner
  • Godkjend lærarutdanning for undervisning på barneskule, i tråd med krav frå § 12-2 og §12-3 i Opplæringsforskrifta
  • Erfaring frå undervisning på barneskule
  • God digital kompetanse
  • Svært god skriftleg og muntleg kompetanse på norsk
  • Leiarerfaring frå klasseleiing eller tilsvarande relevant leiarerfaring
  • Leiarutdanning er ein fordel
Personlige egenskaper
  • Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du er ryddig, fleksibel, positiv og raus
  • Du har god arbeidskapasitet og kan ta i eit ekstra tak når det vert kravd
  • Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
  • Du er fagleg engasjert og glad i å utvikle deg
  • Du er god til å skrive, og er oppteken av at administrative oppgåver skal løysast i tråd med Bergen kommune sine føringar
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling , i eit målretta og utviklingsorientert profesjonsfellesskap
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • IA-bedrift
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
Adresse:KontaktinformasjonTorunn Reistad SkurtveitRektorOm arbeidsgiverenBergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Bergen kommune

Lignende stillinger

  • Vikariat avdelingsleder

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgaver Overordna ansvar for 5.-7.trinn Personalansvar på eiga avdeling Arbeid med elevane sitt skulemiljø Resultatoppfølging 30 % undervisning på eiga avdeling Lei…
    • 13 dager siden
  • Avdelingsleder til REMA 1000 Helleveien

    Rema 1000

    • Bergen, Vestland
    For full funksjonalitet på denne siden er det nødvendig å tillate/slå på JavaScript. Avdelingsleder til REMA 1000 Helleveien Bergen REMA 1000 er blant Norges største dagligva…
    • 2 dager siden
  • Avdelingsleder til REMA 1000 Helleveien

    • Bergen, Vestland
    Er du klar for å ta ansvar for en avdeling i butikk? Vi søker avdelingsleder! Har du et øye for orden, kvalitet og gode kundeopplevelser? Er du en lagspiller som liker å ta ansva…
    • 2 dager siden