Nattavdelingssjukepleiar

Time kommune

  • Bryne, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga er ei avdeling med spennande og varierte arbeidsoppgåver. Avdelinga tek i mot pasientar frå både spesialisthelsetenesta og frå heimen, med ulike behov for pleie, omsorg og rehabilitering. Det er og knytt ei lindrande eining til avdelinga. Det er høg grad av tverrfagleg kompetanse, for eksempel lege, fysio- og ergoterapeuter. Det er høg sjukepleiardekning og dyktige fagarbeidarar i teamet. Me har 20 sengeplasser og skal utvida til 24 frå neste år.
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga er ein del av verksemda Heimetenester og rehabilitering. Det er tett samarbeid og arbeid på tvers av avdelingane i oppfølginga av den enkelte pasient.
Arbeidsstaden ligg sentralt på Bryne og det er kort veg til kollektivtransport. Me har også gode moglegheiter for parkering.
Under i linken kan du sjå filmen fra vår verksemd:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.09.2025Arbeidsgivar:Time kommuneStad:BryneStillingstittel:NattavdelingssjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:57Webcruiter-ID:5006899774Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåverFagleg ansvarleg på natt.
Sjukepleiefaglege oppgåver til pasientane på avdelinga.
Samarbeid og oppfølging av pårørande.
Samarbeid med anna personal på Sivdamheimen.
Dokumentasjon etter gjeldande lovverk.KvalifikasjonarKvalifikasjonarVi søkjer etter offentleg godkjent sjukepleiar i 57% stilling
Det er ønskeleg at du har relevant videreutdanning, for eksempel innan gerontologi, kreft/palliasjon, akuttmedisinsk sjukepleie eller kronisk alvorleg sjuke-/primærhelsetenesta.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid.For stillinga må søkar beherska norsk skriftleg og munnleg. For søkarar med anna morsmål enn norsk må språknivå på minimum B2 dokumenterast.
Søkar må kunna nytta IKT-verktøy.Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Adresse: Røyrvika 12, 4340 Bryne, NorgeKontaktinformasjonAnlaug ØieAvdelingsleiarE-post: anlaug.oie@time.kommune.noOm arbeidsgivaren"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Time kommune