Avdelingsleiar Samnanger barneskule

Samnanger kommune

  • Samnanger, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Avdelingsleiar Samnanger barneskuleMe søkjerOm stillingaØnskjer du å vidareutvikla Samnanger barneskule til å vera ein god stad å vera og ein god stad å læra?Då søkjer du på 100 % fast stilling som avdelingsleiar for 5.-7. trinn ved Samnanger barneskule i dag!Samnanger barneskule er ein barneskule med 213 elevar i dag. Leiinga på skulen er rektor, avdelingsleiar 5.-7. trinn, avdelingsleiar 1.-4. trinn og leiar for SFO. I tillegg har me ein konsulent som tar seg av mange av dei administrative oppgåvene. Skulen har, i ulike stillingsprosentar, 21 dyktige lærarar og 9 dyktige assistentar/fagarbeidarar.Skulen har stort fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats, kjerneverdiar som inkluderande fellesskap og godt samarbeid. Me har fem kjerneverdiar som me ønskjer skal prega kvardagen vår. Det er ein Vi-skule der alle tilsette har eit ansvar for alle elevane våre. Me er leksebevisste, samarbeider og arbeider for eit inkluderande fellesskap på skulen. Me legg òg vekt på verdien livsmeistring for elevane. Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin. Me har eit stort og innhaldsrikt bibliotek som me ønskjer skal vera hjarta i skulen vår.Samnanger barneskule starta dette skuleåret eit utviklingsarbeid med støtte og rettleiing frå Høgskulen i Vestland, kalla desentralisert kompetanseutvikling (DEKOMP). Temaet me har valt er: Inkluderande læringsmiljø, med vekt på verdiar. Samnanger kommune ønskjer å leggja vekt på «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». Me ønskjer å satsa på inkluderande læringsmiljø gjennom elevsyn/verdisyn og haldningar i vaksenrolla.ArbeidsoppgåverHar saman med rektor det faglege, pedagogiske og administrative ansvaret på skulen:
  • Personalforvaltning
  • dagleg vikarbruk
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Skal sikra at kommunen utøver opplæringa i tråd med opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar, også kommunale
  • Samordne ressursutnyttinga i eininga
Avdelingsleiar har også undervisningstimar som del av si stilling.KvalifikasjonarKrav
  • Godkjent pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
  • Erfaring med undervisning på barnetrinnet, i tråd med LK20
  • Gode IKT kunnskapar
  • Kunna driva endrings- og utviklingsprosessar på ein involverande måte, i tråd med skulen og kommunen sine målsetjingar
  • Må beherska nynorsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Har ein leiarstil som er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og samarbeid
  • Er strukturert og tenker heilskapleg
  • Har ein ansvarleggjerande måte å leia på
  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring er ein fordel
Ønskjer
  • Du er visjonær, målretta og ein synleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
  • Du skal opplevast som handlekraftig og kan fatta gode avgjerder
Personlege eigenskapar
  • Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling
  • Er strukturert og løysingsorientert
  • Likar å leia og dela med andre
  • Er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette
  • Har god formidlings- og gjennomføringsevne.
  • Er oppteken av elevane si læring gjennom motivasjon, meistring og utvikling
  • Er sjølvstendig, fleksibel, tolmodig og omstillingsdyktig
  • Trivst med høgt tempo, og har evne til å prioritera i ein hektisk kvardag
  • Er trygg vaksen med godt humør og pågangsmot
Me tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø
  • Godt tverrfagleg samarbeid med PPT, helse og barnevernsteneste
  • Gode tilhøve for praktiske læringsarenaer
  • Godt kvalifiserte og engasjerte kolleger
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
ArbeidstilhøveMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.Om ossSamnanger kommuneI hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.Oppvekstområdet omfattar to kommunale barnehagar, to kommunale skular samt vaksenopplæring. I tillegg er det ein privat barnehage med i samarbeidet vårt. Oppvekstområdet verdet mangfold og berekraftige løysingar, og har som visjon at høg kvalitet på tenestetilboda skal sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge i Samnanger kommune.

Samnanger kommune