Rådgjevar - studierettleiar

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Sogndal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 dag siden
Rådgjevar - studierettleiarStudierettleiarDette er Høgskulen på VestlandetHøgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 5000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus SogndalOm stillinga:Stillinga vil vere knytt til administrasjon av studieprogram ved fakultetet. Hovudområda for stillinga vil vere studierettleiing knytt til grunnskulelærarutdanning, PPU og fleksible masterutdanningar. Administrativ støtte på andre studieprogram kan også vere aktuelt. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring i studieprogramma.Stillinga er ledig frå 1. august 2026.Arbeidsstaden er campus Sogndal.Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
  • Sjølvstendig og krevjande saksbehandling
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Kvalitetssikring av studieprogram og emne og administrativt arbeid med studie- og emneplanar
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
  • Utviklingsoppgåver og analyse knytt til utdanningskvalitet, system og rutinar
  • Saksførebuing til råd, utval og leiargrupper
Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse:
  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå
  • Relevant administrativ erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Analytisk kompetanse
  • Andre relevante kvalifikasjonar
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • Erfaring frå barnehage eller skule
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarleg
  • Løysingsorientert, fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - tittel.Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette.Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:1) Studieadministrativ leiar Eli BorsholmTlf.: 55 58 59 57 / 920 29 1502) Fagansvarleg studiesaker Trude Vengen JensenTlf.: 55 58 59 74 / 975 64 428Inkludere, utfordre og samhandle

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Rådgjevar - studierettleiar

    HOGSKULEN PA VESTLANDET SOGNDAL

    • Sogndal, Vestland
    Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal Om stillin…
    • 13 timer siden
  • Rådgiver for studentopptak

    Nordland fylkeskommune

    • Bergen, Vestland
    • Sogndal, Vestland
    Rådgiver for studentopptak Dette er Høgskulen på Vestlandet Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 900 ansatte og 16 500 studenter …
    • 6 dager siden