
Postdoktor
- Vestland
- Fast
- Fulltid
Søkjar må kjenne til den offentlege tannhelsetenesta, og det er ein føremon med forskingserfaring frå tannhelsetenesta.KvalifikasjonarDen som vert tilsett må ha doktorgrad (PhD) og ei tannhelsefagleg bakgrunn. I prosjektet skal det nyttast både kvalitative og kvantitative metodar, og det er difor ønskjeleg med røynsle frå begge metodane.Søknaden må innehalde
CV som viser oversikt over utdanning og arbeidserfaring
Søknadsbrev der du seier noko om motivasjonen din for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
To referansar med namn og kontaktinformasjonPersonlege eigenskaparVi søkjer ein person som har god samarbeidsevne, er sjølvstendig og tek initiativ. Du bør vere strukturert, ansvarsbevisst og ha evne til å arbeide målretta over tid. Gode kommunikasjonsevner og interesse for fagleg utvikling vil vere ein føremon.Vi tilbyrLøn etter gjeldande satsar for mellombels forskar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Gode moglegheiter for fagleg utviklingAndre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Adresse: NorgeKontaktinformasjonEllen BerggreenForskningsleiarE-post: ellen.berggreen@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.