Sokneprest i Sunnhordland med Nysæter sokn som tenestestad

Den norske kirke

  • Stord, Vestland
  • Opplæring
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaVi har ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti, med Nysæter sokn som tenestestad. Nysæter og Stord sokn fell saman med grensene for Stord kommune med om lag 19 000 innbyggjarar. Nysæter sokn har ca. 3 500 medlemer, Stord sokn ca. 11 500.Stord ligg om lag midtvegs mellom Bergen og Stavanger og er regionsenter for Sunnhordland. Her er frodig landskap med variert næringsliv, skuletilbod og livskraftig arbeid innan idrett, kultur og kristenliv. Stord er eit industrisamfunn med skipsbygging og oljeretta industri, og er no sentral i omstillinga til utbygging av fornybar energi. Stord har fleire barne- og ungdomsskular, vidaregåande skule og høgskule. Her er lokalsjukehus med eigen sjukehusprest i deltidsstilling. Stord er landfast mot sør, og har god kommunikasjon med flyplass, hurtigbåt- og bussforbindelsar. Stord er eit fleirkulturelt samfunn med internasjonalt retta næringsliv, det er fleire asylmottak på øya.er frå 1991 med 330 sitjeplassar. Her er gudsteneste dei fleste sun- og helgedagar. Det er regelmessig familiegudsteneste, som oftast knytt til trusopplæringstiltak. Kyrkjekoret Sanctus er ein god ressurs i kyrkjelyden. Kyrkjebygget har tenlege lokalar til ulike aktivitetar som diakonale tiltak, trusopplæring og temakveldar. I 2024 vart det 33 dåp, 34 konfirmantar, 2 vigsel og 23 gravferdar. I Nysæter sokn ligg Sagvåg bedehus.Kyrkja har ein viktig posisjon i lokalsamfunnet og godt samarbeid med ulike sider av kulturlivet. Soknepresten er med og held fast på dei gode banda mellom folk og kyrkje. Det er eit aktivt sokneråd og utval innan gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni og anna kyrkjeliv. Soknerådet har fokus på gudstenester, på å styrkje den frivillige tenesta i soknet og å lage gode møteplassar for å bygge kyrkjelyd. Eksempel på dette er arbeid for unge vaksne med base i Nysæter kyrkje.Nysæter og Stord sokn har ein stor stab med høg kompetanse: to sokneprestar, ein spesialprest, kyrkjelydspedagogar, soknediakon, to kantorar, kyrkjetenar, kyrkjeverje, driftsleiar, sekretær og gravplassarbeidarar. Det er regelmessige stabs- og temamøte. Prestane deler på tenestevekene. Prosten i Sunnhordland leiar prestetenesta og samlar jamleg prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt. Sunnhordland prosti er eitt beredskapsområde.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Den norske kirkeStad:StordStillingstittel:Sokneprest i Sunnhordland med Nysæter sokn som tenestestadStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5007009350Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • gudstenesteutval - vidareutvikling av gudstenestelivet er prioritert
  • vere medlem i Nysæter sokneråd
  • rekruttering, oppfølging og opplæring av frivillige medarbeidarar i samarbeid med soknerådet
  • trusopplæring og konfirmantarbeid saman med kyrkjelydspedagogar og frivillige
  • prest i bygda, vidareutvikle banda mellom folk og kyrkje
  • stillinga inngår i Den norske kyrkje si ordning om beredskap
Kvalifikasjonar
  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / master i teologi og praktikum
  • medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
  • engasjement for prestetenesta og å utvikle kyrkja lokalt
  • god evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper
  • vere ein lagspelar med ønskje om god samhandling med tilsette, råd, utval og frivillige medarbeidarar
  • gode eigenskapar knytt til leiing og samarbeid
  • evne og vilje til samarbeid
  • søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsordning hos KLP
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Skriftspråket er nynorsk.Søkjar må ha førerkort og disponere bil.Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.Adresse: Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord, NorgeKontaktinformasjonTherese Nesse MokkelbostHR-sjef i Bjørgvin bispedømeArild SteinslandProst i SunnhordlandOm arbeidsgivaren

Den norske kirke