Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Stillingane har pt. 2 delt turnus (dag og kveld) og kvar 3 helg. I sommarperioden kan det bli aktuelt med 3 delt turnus. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.Det er ledig faste stillingar frå snarast og frå sommaren ved desse avdelingane: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.
  • (KRS)
  • Seksjon S4
  • , Seksjon S3
Oppstart i stillingane vil vere frå sommaren eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på navnet.Grunna arbeidsoppgåver som krev at begge kjønn er likt representert i tilsettgruppa vil det underrepresenterte kjønn prioriterast.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2024Arbeidsgivar:Helse BergenStad:BergenHeiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4798650096Sosial deling :Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gi tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630Akutt psykose S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja marie Engh, Tlf. 55958745Akutt psykose, seksjon S3 er ein akutt, lukka postar med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller June Bønes Nødtvedt, Tlf. 55958734Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, NorgeKontaktinformasjonSjå kontaktpersonoppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland LøvstadSeksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, BemanningssenteretE-post: karina.vorland.lovstad@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Psykiatrisk sykepleier/vernepleier

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Behandling, bo og ressursveiledning (BBR) ble opprettet som en resultatenhet under Etat for psykisk helse og rustjenester 1.mars 2020. Enheten består av 140 årsverk…
    • 1 måned siden
  • Psykiatrisk sykepleier/vernepleier

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Psykiatrisk sykepleier/vernepleier Behandling, bo- og ressursveiledning, Psykisk helse, Bergen kommune Om stillingen Behandling, bo og ressursveiledning (BBR) ble opprettet som…
    • 10 dager siden