Avdelingsleiar ved Åseralsheimen - ei spennande leiarstillling

Åseral kommune

  • Åseral, Agder
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Om stillingenAvdelingsleiar ved Åseralsheimen - ei spennande leiarstilling
Vår trygge, dyktige og engasjerte avdelingsleiar gjennom mange år går av med pensjon frå 1. desember.No søkjer vi ein ny leiar som vil vere med å vidareutvikle omsorgstenestene våre.Er du ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar med leiarambisjonar?
Vi ser etter ein trygg og inspirerande avdelingsleiar som trivst med varierte og travle arbeidsdagar, og som har eit brennande engasjement for gode pasienttenester.Som avdelingsleiar ved Åseralsheimen blir du ein del av leiargruppa i eininga, med einingsleiar som næraste overordna. Eining for omsorg har ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggjarar og tilreisande i kommunen, og består av Åseralsheimen og heimetenesta. Heimetenesta har eigen avdelingsleiar.Om Åseralsheimen
Åseralsheimen er eit moderne og innbydande omsorgsbygg med følgande tilbod per idag:
  • 5 sjukeheimsplassar
  • 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald, avlastning og kommunal augeblikkeleg hjelp)
  • 13 omsorgsbustadar, der 5 er på skjerma avdeling for personar med demens
  • Eige kjøkken med fokus på god og næringsrik mat
Vi er opptekne av å tilby framtidsretta og individuelt tilpassa tenester, med pasienten i sentrum.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgiver:Åseral kommuneSted:ÅseralStillingstittel:Avdelingsleiar ved Åseralsheimen - ei spennande leiarstillingStillinger:1Heltid / Deltid:HeltidAnsettelsesform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5006571823Sosial deling :Arbeidsoppgåver og ansvarArbeidsoppgåver og ansvarSom avdelingsleiar ved Åseralsheimen vil du ha ansvar for:
  • Den daglege drifta av avdelinga
  • Fagleg ansvar og kvalitetssikring
  • Personalansvar og oppfølging av medarbeidarar
  • Leiing av eit dyktig og engasjert team
  • Sikre gode og forsvarlege tenester for pasientane våre
  • Tett samarbeid med andre faggrupper og leiarar
Arbeidstida er organisert i todelt turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg. Per i dag er det lagt opp til 2 kontordagar per veke, og resten av tida i pleien - vi legg stor vekt på å ha leiar tett på avdelinga.Typiske arbeidsoppgåver som avdelingsleiar
  • Oversikt og ansvar for fordeling og prioritering av arbeidsoppgåver
  • Leiing og motivasjon av medarbeidarar
  • Sikre fagleg kvalitet og pasienttryggleik, inkludert oppfølging av avvik
  • Oppfølging av vekeplanar og bemanning
  • Halde avdelingsmøter og medarbeidarsamtalar
  • Bidra til utvikling og implementering av rutinar
  • Samarbeid med pasientar, pårørande og eksterne aktørar som legetenesta, apotek og spesialisthelsetenesta
Moglegheit for sjukepleiarstilling
Dersom avdelingsleiar blir rekruttert internt, vil det bli ledig ei ordinær 100 % sjukepleiarstilling i tredelt turnus.
Er du sjukepleiar og ønskjer å arbeide hos oss, oppmodar vi deg til å søkje og oppgje dette i søknaden din.
Vi tilbyr då løn som tilsvarar full ansiennitet.Arbeidsoppgåver som sjukepleiar
  • Utføre helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
  • Ha sjukepleiarfagleg ansvar på skift når avdelingsleiar ikkje er til stades
  • Iverksetje, følgje opp og evaluere tiltak
  • Bruke eininga sine prosedyrar og rutinar
  • Dokumentere presist og oppdatert i journalsystemet vårt - Visma Profil
  • Legemiddelhandtering og oppfølging av legevisitt
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer
  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med leiarutdanninng eller relevant leiarerfaring
  • Kjennskap til relevant lovverk
  • Gode digitale ferdigheitar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det vil vere ein fordel med kjennskap til Visma Profil EPJ og Visma Ressursstyring.Søkjar må ha førarkort klasse B.Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)Personlege eigenskaperVi ser etter deg som:
  • Er trygg i rolla som leiar og evner å skape tillit og tryggleik
  • Er strukturert, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • Har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg samarbeid
  • Har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Har engasjement for fagutvikling og kvalitetsforbetring
  • Har god kommunikasjonsevne og evne til å handtere endring
  • Er glad i utfordringar og har stor arbeidskapasitet
  • Har evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vektVi tilbyr
  • Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit godt fagmiljø
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og omsorg
  • Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
Vi kan hjelpe til å finne bustadBarnehageplassGratis SFOAdresse: Bordalsbakken 10, 4540 Åseral, NorgeKontaktinformasjonCamilla VerdalEiningsleiar omsorgE-post: camilla.verdal@aseral.kommune.noOm arbeidsgiverenÅseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Åseral kommune