St. nr. 5/2026 Vikariat ledig i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda
HOGSKULEN I VOLDA FELLESADMINISTRASJONEN
- Volda, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
- ein systematisk arbeidsmetodikk, og set deg raskt inn i regelverk og nye digitale system.
- presis og nøyaktig i rutinearbeid
- gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle saker på ein strukturert og oversiktleg måte
- høg arbeidskapasitet
- ein pådrivar med gode samarbeids- og omstillingsevner
- løysingsorientert og serviceinnstilt
- Oppfølging av semesterregistrering kvart semester
- Handsame ulike forvaltningssaker og søknader frå studentar
- Permisjon, godkjenning, tilrettelegging av studiekvardagen, overgangar mellom ulike studium, og saker knytt til studierett
- Kontakt med fagmiljøa for avklaringar om søknader og saker knytt til ansvarsområda
- Sakshandsaming innan opptak
- Rettleiing av studentar
- Lage vitnemål og kvalifikasjonar til studentar som fullfører studieprogram
- eit inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
- god pensjonsordning i
- moglegheiter for trening i arbeidstida
Ved Høgskulen i Volda er normal årsløn i stillingskoda 1363 seniorkonsulent kr. 600 000,- - kr. 658 800.Generell informasjonVed HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på .Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillingaOffentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.KontaktNærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte studiedirektør Jan Terje Eidset tlf.70075110.Studiebygda VoldaMidt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.Les meir påVideo:Om bedriftenHøgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.SektorOffentligNettsted