Sakshandsamar spredte avløp / byggesak 100 % fast stilling

VESTRE SLIDRE KOMMUNE VATN OG AVLAUP

  • Slidre, Innlandet
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Vestre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar for spredte avløp/ byggesak ved Plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling, avdeling forvaltning. Det er ynskje om snarleg tiltreding.Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsområdet vil i hovudsak vere sakshandsaming av utslepp for spredt avløp etter forurensingslova.
  • Følgje opp handlingsplan for tilsyn av spredt avløp.
  • Planlegge og gjennomføre tilsyn.
  • Byggesakshandsaming og sakshandsaming etter plan- og bygningslov, føring av bygg i matrikkelen.
  • Behandle og følgje opp ulovlege tiltak.
  • Generell publikumsveiledning.
  • Stillinga kan og bli tillagt andre oppgåver.
Kvalifikasjonar
  • Søkar bør ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå.
  • Erfaring frå tilsvarande stilling, vatn, avløp og forvaltning er ein fordel.
  • Søkarar med anna relevant utdanning vil også bli vurdert.
Ved tilsetjing vil vi legge vekt på:
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- framoverlent på å ta i bruk digitale verktøy og utnytte potensialet i saksbehandlingssystemet
- gode samarbeidsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- personlig eignaheit * Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil mot skyssgodtgjersle etter regulativ.Personlege eigenskaparI tillegg ynskjer vi at du har/er:
  • God evne til planlegging og resultatoppnåing
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Kreativitet og serviceinnstilling
  • God praktisk gjennomføringsevne
  • Førarkort for bil og kan disponere eingen bil i arbeid mot km-godtgjersle
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Nyutdanna blir oppfordra til å søke. Om du ikkje har alle dei kvalifikasjonanane som er nemnt over, kan du likevel vere ein aktuell kandidat.Vi tilbyr
  • Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon Terje Karlsen, Avdelingsleiar, +47 97582329Arbeidsstad Slidrevegen 16
2966 SlidreNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4993871647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025Kontaktperson for stillingenTerje KarlsenAvdelingsleiar+47 97582329Kopier telefonnummerOm bedriftenAndre opplysningarEit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen. Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noNettsted

VESTRE SLIDRE KOMMUNE VATN OG AVLAUP