Bli turistvert i sommar!På turistinformasjonen treng vi ein turistvert som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til Kvinnherad i sommar. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar:- Å hjelpe turistar på turistinformasjonen.- Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga.- Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.- Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.- Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaiområdet er ryddig for søppel).Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell.I søknaden ber vi om at du skriv:- Kva tidsperiode du kan jobbe i- Om det er datoar i løpet av sommaren der du ikkje er tilgjengelegArbeidstida vil vera innanfor opningstidene kl. 10 - 18, med arbeid minst kvar 2. helg.Arbeidsstad er på turistinformasjonen som er lokalisert på Folgefonnsenteret i Rosendal.Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.Løn etter tariff.Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.