Psykologspesialist til FACT allmenn-team

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 timer siden
Om stillingaVil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen - tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga - og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar - ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta.FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.05.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:PsykologspesialistStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5109699635Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Delta aktivt i utviklinga av teamet sin faglege profil, behandlingsfilosofi og arbeidsmåtar i tråd med prosjektbeskriving og FACT-modellen
  • Ha psykologfagleg spesialistansvar for pasientar i teamet, inkludert utgreiing, diagnostisering, behandlingsplanlegging og behandling
  • Utføre både poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid for vaksne med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov
  • Delta i tett tverrfagleg samarbeid i FACT allmenn-teamet, med felles ansvar for oppfølging, evaluering og justering av tiltak
  • Bidra med rettleiing, undervisning og fagleg støtte til samarbeidspartnarar i det lokale hjelpeapparatet, samt delta i nettverks- og samhandlingsarbeid
  • Samhandle tett med kommunale tenester og andre delar av spesialisthelsetenesta for å sikre heilskaplege og koordinerte pasientforløp
  • Medverke i rettleiing av studentar og psykologar/legar i spesialisering, som ein del av universitetssjukehuset sitt utdanningsansvar
  • Samarbeide breitt med andre delar av behandlingsapparatet, både internt og eksternt, inkludert pårørande og instansar som NAV, skule og arbeidsgivar
Kvalifikasjonar
  • Psykolog med norsk autorisasjon
  • Spesialisering i klinisk psykologi er ønskjeleg, men psykologar utan spesialisering kan òg søkje
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri og/eller rusfeltet, og frå arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta
  • Erfaring med allmennpsykiatrisk og poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
  • Erfaring med akuttarbeid, krisehandtering og arbeid med komplekse problemstillingar er ønskjeleg
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og i tett tverrfagleg samarbeid
  • Førarkort klasse B er ein føresetnad
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
For psykologar utan spesialisering vil det kunna leggjast til rette for vidare fagleg utvikling og gjennomføring av spesialisering i tråd med gjeldande ordningaPersonlege eigenskapar
  • Du er fleksibel, initiativrik og fagleg engasjert, og ønskjer å arbeide tett på pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov
  • Du er løysingsorientert og handterer krevjande og uoversiktlege situasjonar med tryggleik, ro og ein reflektert fagleg tilnærming
  • Du har evne og motivasjon til både å ta imot og gje konstruktive tilbakemeldingar, til dømes gjennom kollegarettleiing og faglege drøftingar
  • Du har gode evner til kontaktetablering, er tolmodig og jobbar målretta, strukturert og med respekt for pasienten sitt tempo
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø, og viser omsorg både for deg sjølv og for kollegaer
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst i dialog med ulike faggrupper og samarbeidspartnarar
  • Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team - og likar ein variert, dynamisk arbeidshverdag slik FACT-modellen legg opp til
  • Du delar verdiane våre om openheit, respekt og fagleg nysgjerrigheit, og ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt, særleg evna til å handtere høgt tempo og endring, og til å tilpasse arbeidsform og oppfølging til pasientane sine behov over tidVi tilbyr
  • Eit spennande og engasjerande arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar og sterk vilje til utvikling
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling, mellom anna gjennom rettleiing, kompetanseheving og deltaking i faglege fellesskap
  • Ein unik moglegheit til å vere med og forme eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod i vår region
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, med tilgang på verktøy, støtte og struktur som gjer det mogleg å stå i kompleksiteten over tid
  • Tett tverrfagleg samarbeid prega av open dialog, fagleg refleksjon og felles ansvar for kvalitet i behandlinga
  • Ein arbeidsplass med tydeleg fokus på kvalitet, tryggleik og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonCharlotte AasePsykologspesialistStig-Arthur DidriksenAss. KlinikkleiarAlf G. SørensenKlinikkleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Lignende stillinger

  • Vaktsjef

    TV 2

    • Bergen, Vestland
    Mediehuset TV 2 er en norsk allmennkringkaster som blant annet består av Norges største kommersielle TV-kanal TV 2 Direkte, strømmetjenesten TV 2 Play og nettstedet TV2.no. TV 2 …
    • 27 dager siden