Sjukepleiar - 100% fast

Vinje kommune

  • Vinje, Vestfold og Telemark
  • Fast
  • Fulltid
  • 45 minutter siden
Om stillingaYnskjer du å vera ein del av framtidas eldreomsorg? Me søkjer etter ein dedikert og ansvarsbevisst sjukepleiar som vil vera med på å utvikle dagens og framtidas sjukeheimsteneste til bebuarane våre på Vinje sjukeheim.Er du ein person som likar varierte oppgåver og har lyst til å jobbe på sjukeheim, håpar me du søkjer hjå oss!Sjukeheimen består av:
  • Korttid/rehabilitering: 9 plassar, der 2 av plassane er KAD-plassar
  • Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
  • Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
Vinje sjukeheim ynskjer å ha større fokus på å ivareta kvar enkelt bebuar sine interesser og behov. Me er opptatt av å ivareta pårørande som ein viktig ressurs for bebuarane, og deltek for tida i eit prosjekt knytt til heilskapleg pårørandestøtte. Som sjukepleiar hjå oss er du ein del av eit tverrfagleg team, som saman jobbar mot det beste for kvar enkelt bebuar.Frå januar 2025 nyttar me årsturnus, slik at du som tilsett har større moglegheit til å påverke din eigen turnus, og for å planleggje fritida for heile året.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:18.09.2025Arbeidsgivar:Vinje kommuneStad:VinjeStillingstittel:Sjukepleiar - 100% fastStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5011732995Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiaroppgåver, både administrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
  • Rettleie og gje opplæring til kollegarer, bebuarar og deira pårørande
  • Oppfylging av KAD-plassar, som er kommunale ø-hjelpsplassar
  • Samtaler og tett kontakt med pårørande
  • Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging
  • Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Har du vidareutdanning innanfor geriatri, demens eller palliasjon er dette ein fordel, men dette er ikkje eit krav
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskapar
  • Du har eit smil på lur, ei dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar
  • Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg
  • Du er fleksibel, engasjert og klar for ein spanande jobb
  • Du trivst med ansvar og er trygg på deg sjølv - både som menneske, sjukepleiar og kollega
  • Du jobbar sjølvstendig, men trivst også i team
  • Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig
  • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing. Me oppmodar nyutdanna til å søkje.Me tilbyr
  • Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra
  • ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema
  • Det blir gjeve støtte til utdanning innanfor demensomsorg
  • Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Adresse: Vinjevegen 212, 3890 Vinje, NorgeKontaktinformasjonHanne Kristin FinkenhagenAvselingsleiar langtidsavdelingaOm arbeidsgivarenVinje sjukeheim har eit godt tverrfagleg team rundt seg, i samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, demenskontakt, kjøkkenassistentar og frivillige. Me har ei god samansetning av godt erfarne pleiarar, og yngre og nyutdanna krefter.Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.

Vinje kommune

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar - 100% fast

    VINJE SJUKEHEIM

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Ynskjer du å vera ein del av framtidas eldreomsorg? Me søkjer etter ein dedikert og ansvarsbevisst sjukepleiar som vil vera med på å utvikle dagens og framtidas sjukeheimsteneste t…
    • 6 timer siden
  • Lege i Nordsjøturnus-100%

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Har du lyst til å jobbe 2 veker på og ha 4 veker fri? Då bør du vurdere å søkje på stillinga som fastlege/legevaktslege i Vinje kommune. Det er to legar i Nordsjøturnus, som sama…
    • 20 dager siden
  • Lege i Nordsjøturnus-100%

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Om stillinga Har du lyst til å jobbe 2 veker på og ha 4 veker fri? Då bør du vurdere å søkje på stillinga som fastlege/legevaktslege i Vinje kommune. Det er to legar i Nordsjøt…
    • 20 dager siden