Sekretær/helsesekretær

Helse Møre og Romsdal Se alle jobber

  • Kristiansund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 timer siden
Om stillingaHar du eit ønskje og ein ambisjon om å bli helsesekretær/sekretær for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i Helse Møre og Romsdal?Vi søkjer no etter ein helsesekretær/sekretær i 100 % fast stilling ved avdeling for radiologi SNR Kristiansund.Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar.Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.Høyrest dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Oppstart etter nærmere avtale.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:29.04.2026Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:KristiansundStillingstittel:Sekretær/helsesekretærStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5109448327Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Betening av telefon
  • Registrering av pasientar ved ankomst
  • Kassaregistrering
  • Administrering av ventelister
  • Oppsett av timeavtalar
  • Andre førefallande kontorarbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Relevant praksis
  • God IT- kompetanse
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Serviceorientert
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
  • Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
  • Gode samarbeidsevner og personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og NordmøreAdresse: SNR Kristiansund, Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund, NorgeKontaktinformasjonKarin Krogsæter SørliSeksjonsleiarE-post: Karin.Krogseter.Sorli@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Sekretær/helsesekretær

    • Kristiansund, Møre og Romsdal
    Har du eit ønskje og ein ambisjon om å bli helsesekretær/sekretær for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i Helse Møre og Romsdal? Vi søkjer no etter ein helsesekretær/sekretær …
    • 1 dag siden