Malerikonservator
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
- Bergen, Vestland
- kr 614.900-650.000 pr år
- Midlertidlig
- Fulltid
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for samlingsforvaltning, er det ledig ein prosjektstilling som malerikonservator (overingeniør) i seks månader med oppstart 1. juli 2026. Stillinga kan verte forlenga. Avdeling for samlingsforvaltning har 24 tilsette og har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar og arkiv til forskings- og formidlingsføremål. Den utlyste stillinga er knytt til arbeid med føreståande rehabilitering av Kulturhistorisk museum og Universitetsprosjektet Sikre Samlingar; eit pågåande prosjekt knytt til sikring og flytting av museets kulturhistoriske samlingar.Arbeidsoppgåver:Vi søker etter ein malerikonservator som kan styrke vårt team i forbindelse med sikring, in-situ behandling og flytting av museets unike samling av bemalt kyrkjekunst frå mellomalderen og etterreformatorisk tid. Vi ønsker en person med bred erfaring med konservering av bemalt kyrkjekunst, både på tre og lerret, som kan utføre arbeidsoppgåver av høy fagleg kvalitet og høge etiske standardar. Arbeidet vil til tider vere fysisk krevjande. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjaren må ha:
- Godkjent 2-årig mastergrad innan malerikonservering
- Minimum to års erfaring med sikring og konservering av bemalt kyrkjekunst, primært frå mellomalderen
- God generell IT-kompetanse
- Erfaring med universitetsmuseas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk
- Erfaring med in-situ behandling av kyrkjekunst
- Erfaring med å arbeide i høgda på stillas
- Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid
- Førarkort for personbil (klasse B)
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team
- Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
- Evne til å tenkje og arbeide praktisk, kreativt og breitt
- Positiv, initiativrik, målretta og løysingsorientert
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk krevjande arbeid
Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.Vi tilbyr:
- Deltaking i eit spennande og relevant musealt sikrings- og flytteprosjekt
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Gode og engasjerte kollegaer
- Stilling som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr 614 900 - 650 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)