Pedagogisk rådgjevar

  • Sogndal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Sogndal kommune søkjer pedagogisk rådgjevar som vil vere med å utvikle eit inkluderande og framtidsretta opplæringstilbod i hjartet av Sogn!Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og vakre omgjevnadar, med fjord, fjell og natur rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Om lag 1300 tilsette jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for innbyggjarane våre.Om stillinga
Som rådgjevar blir du ein del av oppvekstteamet i kommunen, og får jobbe tett på både skuleleiarar og kollegaer i organisasjonen og regionen. Du får høve til å påverke retning og utvikling, samstundes som du bidreg til gode og trygge læringsmiljø for elevar i heile Sogndalsskulen.Dine oppgåverRettleiing og sakshandsaming etter opplæringslova med forskrifterUtviklingsarbeid knytt til inkludering, fagleg kvalitet og kompetanse for framtidaSystem- og kvalitetsarbeid i oppvekst og skuleBidra til utvikling av gode strukturar for samarbeid og læringFølgje opp prioriteringar i Sogndalsskulen og tverrfagleg samhandlingMe ser etter deg som harRelevant høgare pedagogisk utdanningGod kjennskap til opplæringslovaErfaring frå skuleverket og pedagogisk utviklingsarbeidEvne til å sjå heilskap og er utviklingsorientertPersonlege eigenskaparMe ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og initiativrik. Du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og i team, vere strukturert og analytisk, og ha gode formidlingsevner skriftleg og munnleg. Det vil bli lagt stor vekt på søkaren sine personlege eigenskapar.
Me tilbyrEin meiningsfull jobb der du kan vere med og setje retning for framtidas skuleEit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljøGode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningarMoglegheit til å påverke og bidra til utvikling i ein kommune som legg vekt på læring og fellesskapMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenFrode Kristian Grøttebø97653769 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837SektorOffentlig

NAV

Lignende stillinger

  • Rådgiver Økonomi

    TINE SA AVD SOGNDAL

    • Sogndal, Vestland
    Vil du være med på å forme fremtiden for norsk melkeproduksjon? 🐄 TINE Rådgiving Vestlandet Nord søker rådgiver innen økonomi og bedriftsutvikling! Er du opptatt av landbruk og …
    • 6 dager siden
  • Vil du bli vår rådgjevar innan landbruk og mat?

    • Leikanger, Vestland
    Vi treng ein drivande rådgjevar i det viktige arbeidet med å fremje utvikling av landbruk og mat i Vestland. For den rette kandidaten kan vi tilby spanande oppgåver med å styrke in…
    • 1 dag siden