Postdoktorstipend

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Deltid
  • 6 timer siden
Helse Fonna lyser ut eitt postdoktorstipend (50% stilling i inntil 6 år) til forsking på utvikling av gode tenester til pasientar med samansette behov. Stillinga er plassert i Avdeling for forsking og innovasjon.Kort om aktuelt fagområde: Postdoktorstipendet er knytt til forskingsgruppa KLIMAN (Klinisk forskingsgruppe mental helse, avhengighet og nevroutviklingsforstyrrelser) i Helse Fonna. Det er ønskjeleg at aktuell kandidat går inn i eit etablert prosjekt som handlar om identifisiering og behandling av pasientar med store generelle lærevanskar som mottar rusbehandling. Sjå meir om aktuelle prosjekt i forskingsgruppa her: KLIMAN-forskingsgruppe - Helse Fonna HFArbeidsoppgåver * Planlegge og gjennomføre eit postdoktorprosjekt med tema aktuelt for forskingsgruppaKvalifikasjonar
  • PhD
  • God kjennskap til eksisterande regelverk for forsking
  • God munnleg og skriftleg (akademisk) framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Helsefagleg eller medisinsk utdanning og erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern og/eller rusbehandling er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Evne til sjølvstendig arbeid og sikre framdrift i prosessar
  • Gode koordineringsevner og evne til samarbeid i forskingsgruppe og med kliniske miljø
  • Evne til å skape engasjement
  • Engasjert i arbeid som gir forbetring av helsetenester
Vi tilbyr
  • Godt forskingsmiljø
  • Forskingsstøtte og -utstyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Haldis Johanne Økland Lier, Forskningssjef, +47 95828763Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5010658177
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 30.10.2031
Søknadsfrist: 18.09.2025Kontaktperson for stillingenHaldis Johanne Økland LierForskningssjef+47 95828763Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentlig

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS