SFO-leiar ved Valderøy barneskule
VALDEROY BARNESKULE SFO
- Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Vi søkjer ein SFO-leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO-ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle SFO-tilbodet med fokus på meistring, glede og tryggleik.
- Sørgje for at barna får ein aktiv og meiningsfull kvardag.
- Overordna ansvar for drift, personal og vikarordningar.
- Planlegge og gjennomføre spennande aktivitetar i samarbeid med teamet ditt.
- Samarbeide tett med rektor, tilsette og føresette.
Erfaring frå arbeid med barn og leiing er ein stor fordel.
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.Personlege eigenskapar
- Du er ein inspirerande og tydeleg leiar.
- Du har eit stort hjarte for barn og trivst med å byggje gode relasjonar.
- Du er kreativ og ser moglegheiter framfor begrensingar.
- Du er strukturert, engasjert og løysingsorientert.
- Du har god digital kompetanse og formidlingsevne.
- Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange barn.
- Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for uteaktivitetar.
6050 ValderøyaNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5009360245
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025Kontaktperson for stillingenTerje Andrè Austneseiningsleiar/rektor+47 90787060Kopier telefonnummerOm bedriftenGiske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.SektorOffentligNettsted