Ledig 100 % stilling som Vaskerioperatør / nestleiar vaskeri

SPIRA UTVIKLING AS

  • Etne, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Om stillingaVaskeriet vårt er i sterk vekst etter nye avtalar med Haugesund sjukehus, og me søkjer difor ein engasjert vaskerioperatør som også skal fungere som nestleiar. Du får ei sentral rolle i ein produksjon som betyr noko -- både for kundane våre og for dei tilsette i tilrettelagt arbeid som du vil rettleie og støtte i kvardagen.Arbeidsoppgåver
  • Delta i og sikre dagleg drift av vaskeriet (rein og urein side)
  • Rettleie, støtte og følgje opp tilsette i varig tilrettelagt arbeid
  • Planleggje og koordinere arbeidsoppgåver i produksjonen
  • Sikre at rutinar, kvalitetskrav og prosedyrar vert følgde
  • Ha oversikt over lager, varer og forbruk Som nestleiar vil du i tillegg:
  • Sikre god flyt og samarbeid mellom avdelingane
  • Bidra til god kundebehandling og kontakt med samarbeidspartnarar
  • Følgje opp kvalitet og leveransar
  • Medverke til vedlikehald av maskiner og utstyr
  • Delta i forbetringsarbeid og utvikling av gode arbeidsprosessar
  • Vere stedfortredar ved vaskerileiar sitt fråvær
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå produksjon, vaskeri eller liknande arbeid er ein fordel
  • Erfaring med rettleiing, oppfølging eller arbeid med menneske er ønskjeleg
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Evne til å strukturere og organisere arbeidsoppgåver
  • Grunnleggjande teknisk forståing
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du er tydeleg og trygg i møte med ulike menneske
  • Du har evne til å motivere og skape meistring
  • Du er strukturert og løysingsorientert
  • Du tek ansvar og viser initiativ
  • Du trivst i ein variert og aktiv arbeidskvardag
Kvifor jobbe hos Spira utvikling?
  • Ei verksemd i vekst -- du kjem inn i ein spennande fase med aukande produksjon og nye kundar
  • Meiningsfylt arbeid der du bidreg til både verdiskaping og inkludering
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar
  • Moglegheit til å påverke og utvikle rolla di
  • Opplæring og støtte i nestleiarrolla
  • Pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale -- bedrifta har tariffavtale Den som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram politiattest. Praktisk informasjon
**Ønska oppstart:**01.06.2026**Søknadsfrist:**19.04.2026**For meir informasjon, ta kontakt med:**Sollaug, tlf. 995 40 722Om bedriftenSpira utvikling AS er ei arbeidsmarknadsverksemd eigd av Etne kommune og Vindafjord kommune, med om lag 50 tilsette. Me driv vaskeri, transport og ei rekkje andre avdelingar -- og er tiltaksarrangør for NAV innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT). Hos oss går produksjon og menneskeleg utvikling hand i hand.SektorPrivatNettsted

SPIRA UTVIKLING AS