Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?
VINDAFJORD KOMMUNE HELSE
- Ølen, Rogaland
- Fast
- Deltid
- Jobbe i team med lege på vakt
- Prioritere rett pasient til rett tid
- Ta anamnese og vurdera tiltak
- Ivareta pasient og pårørande ved behov
- God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
- Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
- Laberatoriearbeid
- Du har autorisasjon som sjukepleiar.
- Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav.
- Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk.
- Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt - også når det hastar.
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget
- Eit fagmiljø som støttar deg - både i startfasen og vidare
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan
- Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø
- Gratis parkering
- Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt
- Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe' Vindafjord)
- Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar
- Lønn etter tariff
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenAnne Beate ØklandKonstituert einingsleiar+47 47650640Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten - her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.SektorOffentlig