Vi har jobben for deg som er oppteken av dyrehelse og dyrevelferd
Mattilsynet Se alle jobber
- Ålesund, Møre og Romsdal
- kr 650.000-770.000 pr år
- Fast
- Fulltid
- Tilsyn med dyrehelse og dyrevelferd i dyrehald, gjennomføre prøvetaking, veilede i regelverk, skrive rapportar og gjere forvaltningsmessig oppfølging og har kontakt med interessenter
- Kjøttkontroll
- Vi er ein beredskapsorganisasjon, som betyr at du må bidra til å handtere hendingar og kritiske situasjonar
- Andre oppgåver må påreknast ut ifrå avdelinga sitt samla behov
- Du må vere veterinær med norsk autorisasjon
- Du må ha god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
- Du må ha førerkort klasse B
- Du må vere fortruleg med å bruke IKT verktøy
- Erfaring med produksjonsdyr
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring frå kjøttkontroll
- Du likar å jobbe i team og har gode samarbeidsevner, men må og kunne jobbe sjølvstendig
- Du er fleksibel, engasjert og har evne til å prioritere
- Du jobber effektivt, nøyaktig og bidreg med løysingar på problemstillingar som oppstår
- Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr. 650 000 til kr. 770 000 for tilsvarande stillinger i Mattilsynet. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Arbeid med eit spennenande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Fine og moderne kontorlokale i Ålesund
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid)
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar
Vi tek imot kun elektroniske søknadar. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjarar som ikkje har høve for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.Saman tryggar vi framtida for menneske, dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysingane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvalting. Saman bidrar vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv - fordi det gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg. Avkryssingane blir berre brukte i rekrutteringsprosessen og til anonymisert statistikk.