Fagarbeidar/MiljøarbeidarBli med i eit engasjert team! Ledig 100% stilling i miljøarbeid med fokus på relasjonsbygging og kommunikasjon.Om stillingaBu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.Det er no ledig ei 100% stilling med arbeid kvar 4 helg. Denne stillinga består av hovedsaklig langvakter på 13 - 14 timar med nokre vakter på 9,25 timarReigstad bustad gjev bistand til ein person som treng at du aktivt søkjer god kommunikasjon og er opptatt av relasjonsbyggingStillinga er ledig frå og med 01.08.2026 eller etter avtaleArbeidsoppgåver
Miljøarbeid i samarbeid med dine kollegaer
Ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik og ro
Kommunisere på ein god og omsorgsfull måte
Følge opp tiltak og prosedyrer
Oppfølging i forhald til kap. 9
Delegerte oppgåver frå din næraste leiar
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar.
Har kunnskap om autisme og utviklingshemming
Har erfaring frå brukargruppa
Erfaring med kap 9, tvang og makt, er ønskjeleg
Evne til å arbeida målretta og sjøvstendig
God munnleg og skriftleg formidlingsevne
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Førarkort klasse B
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg, samt gjennom bestått språktest eller B2 test på mellomnivå
Vi tilbyr
Stort rom for sjølvstendig arbeid
Høg fagleg kunnskap blandt dine nye arbeidskollegaer
Godt arbeidsmiljø der alle bidrar og drar lasset i same retning
Løn etter tariff
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår, for tida plasserte i KLP
Kven er du
Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa
Du er trygg på deg sjølv og har god fysisk og psykisk helse som gjer at du tåler å stå i utfordrande situasjonar
Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon
Du er lojal mot felles beslutningar
Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Om ossOsterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.