Barnehagelærar Nybø barnehage - vikariat

NYBO BARNEHAGE

  • Sogndal, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barnehagelærarar, som er relasjonssterke og inkluderande til ein velfungerande barnehage.Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljøBarnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrarBarnehagelærar 100% vikarat - oppstart snarast-31.07.2026Barnehagelærar 50% vikariat - oppstart snarast -31.07.2026Arbeidsoppgåver:sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljøansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidetmedverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidetfagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagenbidra til eit godt samarbeid med føresetteansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingarKvalifikasjonar:godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanseynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiinggjerne erfaring frå barnehagebeherskar norsk godt, både skriftleg og munnlegmenn vert oppmoda om å søkjePersonlege eigenskapar:positiv, inkluderande og glad i nye utfordringarfagleg engasjert, tek initiativ og ansvarevnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresettelikar å arbeida i lag med andretaklar høgt tempo i kvardagengodt humørMe tilbyr:ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.rettleiing for nyutdanna barnehagelærarareit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivåengasjerte og støttande kollegaerleiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøygode pensjons- og forsikringsvilkårPolitiattest krevst for stillingaMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenAud Torun Strømseng91848818 +47 91848818Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837SektorOffentlig

NYBO BARNEHAGE

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar Sagatun barnehage Balestrand

    SAGATUN BARNEHAGE

    • Balestrand, Vestland
    Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar 2025/26. Her kan du søke som tilkallingsvikar i Sagatun barnehage, Balestrand 2025/26 Likar du å arbeida med bar…
    • 17 dager siden
  • Tilkallingsvikar barnehagane på Leikanger

    NYBO BARNEHAGE

    • Sogndal, Vestland
    Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar. Her kan du søke som tilkallingsvikar i barnehagane på Leikanger 2025/26; Nybø barnehage Henjahaugane barnehag…
    • 17 dager siden