Frå august 2026 får me ledig stilling som behandlar i psykisk helseteneste. Tenesta er ein del av ei større verksemd som også omfattar Rask psykisk helsehjelp (RPH), rustenesta, miljøtenesta og Nyving.I psykisk helseteneste gir me hjelp og behandling til personar over 18 år med ulike psykiske helseutfordringar - frå moderate til meir alvorlege. Målet vårt er å førebyggje, styrkje meistring og gi behandling som gjer kvardagen lettare for den einskilde. Me legg vekt på aktiv deltaking og samarbeid mellom timane for å oppnå best mogleg resultat.Hos oss møter du eit fagmiljø med brei kompetanse innan psykisk helsearbeid og vidareutdanning i kognitiv terapi. Me held til i moderne og funksjonelle lokale, der kvar behandlar har sitt eige kontor og gode vilkår for fagleg utvikling og samarbeid.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStad:BremnesStillingstittel:Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:70Webcruiter-ID:5091219897Startdato:03.08.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Målretta og individuelt tilpassa råd og rettleiing av innbyggjarar i kommunen med moderate til alvorlege psykiske helseplagar.
Psykoedukasjon.
Bruk av digitale behandlingsverktøy.
Samhandling med interne og ekstrerne samarbeidspartnarar.
Bidra til kompetanseutvikling i avdelinga.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesse. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.Kvalifikasjonskrav
Du må vere autorisert sjukepleiar eller vernepleiar.
Relevant vidareutdanning er eit krav.
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B er naudsynt. Må disponere eigen bil.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid.
Erfaring med profil som dataverktøy.
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
Kan arbeide sjølvstendig, tek initiativ og samarbeider godt.
Er trygg i relasjonsarbeid - også i krevjande situasjonar.
Har evne til å jobbe tverrfagleg og ser verdien av godt samarbeid.
Er løysingsorientert, strukturert og tek ansvar i arbeidet.
Er kreativ, open for nye idear og ønskjer å bidra i utviklingsarbeid
Ved tilsetjing vert det gjort ei heilskapleg vurdering, der me legg vekt på utdanning, erfaring, motivasjon og personlege eigenskapar.Me tilbyr
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer.
Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Gode høve for utvikling.
Ekstern vegleiing.
Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysningar:
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Ann-Elisabeth eller Synnøve.Adresse: Bøtun 3, 5430 Bremnes, Norge