Lærar med spesialpedagogisk utdanning

SOTRA VIDAREGAANDE SKULE

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 timer siden
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.Vi søkjer etter lærar med spesialpedagogisk utdanning i til ein fast stilling på tilrettelagt avdeling. Avdelinga består av arbeidstreningsgrupper i Restaurant og matfag og Bygg- og anleggsteknikk, samt kvardagslivsgrupper. Denne stillinga er undervisning på kvardagsliv.Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i tilrettelagte grupper.
  • Praktisk og teoretisk undervisning tilpassa elevane.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette og andre støttefunksjonar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet.
  • Legge til rette for at elevane får gode overgangar frå skule til arbeid.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt òg for at dei skal meistre livet som vaksen.
Kvalifikasjonar
  • Allmennlærar eller yrkesfaglærar med spesialpedagogisk utdanning.
  • Ønskjeleg med erfaring innan spesialpedagogisk arbeid i tilrettelagt opplæring.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
  • Gode evner i møte med elevar med særskilte behov, et særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.
  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar som yrkesfaglærar er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Almennlærar har pedagogikk i utdanninga. For denne stillinga er utdanning i spesialpedagogikk viktig. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan etter vurdering eventuelt tilsetjast på vilkår.Kontaktinformasjon Beate Fossen Nordborg, Avdelingsleiar tilrettelagt Skogsvåg
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370Arbeidsstad Finkelhølsvegen 10
5382 SkogsvågNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5113138010
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026Kontaktpersoner for stillingenBeate Fossen NordborgAvdelingsleiar tilrettelagt SkogsvågErik HenneliAssisterande rektor95826077Kopier telefonnummerOlav Leerektor93034370Kopier telefonnummerOm bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.SektorOffentlig

SOTRA VIDAREGAANDE SKULE

Lignende stillinger

  • Tospråklig lærer i flere språk

    Askøy kommune

    • Kleppestø, Vestland
    Om stillingen Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin,…
    • 11 timer siden
  • Tospråklig lærer i flere språk

    Askøy kommune

    • Kleppestø, Vestland
    Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin, oromo. Tosprå…
    • 12 timer siden
  • Tospråklig lærer i flere språk

    ASKOY KOMMUNE SKOLEADMINISTRASJONEN

    • Kleppestø, Vestland
    Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin, oromo. Tosprå…
    • 14 timer siden