Tenesteleiar heimeteneste Sentrum

Kinn kommune

  • Florø, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Om stillingaIntern utlysingKinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Heimeteneste sentrum har base i Markegata 55, med 32 HDO bustadar. I tillegg yter dei heimetenester til innbyggarane i området. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr både to- og tredelt turnus.Som tenesteleiar blir du del av vårt dyktige leiarteam som fokuserer på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Kommunalsjef blir din nærmaste leiar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:22.09.2025Arbeidsgivar:Kinn kommuneStad:FlorøStillingstittel:Tenesteleiar heimeteneste SentrumStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5005822505Startdato:01.12.2025Sluttdato:31.12.2026Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
  • Planlegging, kvalitet og fagutvikling
  • Sakshandsaming
  • Økonomi -budsjettstyring
  • Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.Kvalifikasjonar3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.
Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeidPersonlege eigenskaparEr lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser
Kan jobbe sjølvstendig
Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsetteVi tilbyrEin kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
Systematisk etisk refleksjon for leiarar.
God pensjonsordning i KLP
Løn etter kompetanseAdresse: Markegata 55, 6900 Florø, NorgeKontaktinformasjonNorunn StavøKommunalsjef helse og velferdE-post: norunn.stavo@kinn.kommune.noOm arbeidsgivarenVår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Kinn kommune