Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar.Stillingane ved den enkelte avdelinga kan du som har autorisasjon og du som får autorisasjon innan sommaren søke.Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.
, Akuttmottak Post 1, Post 3 , Post 1 Nord - Nyresjukdommar, Post 5 Nord Seksjon for blodsjukdommarOppgi i søknad kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller frå sommaren etter avtale med den einskilde eininga. Du må pårekne å jobbe samanhengande 4-6 veker i perioden vekene 26-33/34.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2024Arbeidsgivar:Helse BergenStad:BergenHeiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4798588011Sosial deling :Mottaksklinikken, Akuttmottak tar imot alle typer pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kommer direkte med ambulanse eller luftambulanse. Vi har ledige stillingar pt i tredelt turnus, arbeid kvar 2. helg i ferieavviklingsperioden sommaren 2024. Det er krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Tiltredelse i stillinga vil vere før ferieavviklinga startar.
Kontakt: Robert Nekkøy, Tlf. 55972526Lungeavdelinga er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin.
Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Lunge post 3 er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose.
Kontakt: Lunge 1: Lillian Hopland, Tlf. 55973552 Kontakt: Lunge 3: Sandra S. Hansen, Tlf. 55973533Medisinsk klinikk
Post 1 Nord - Seksjon for nyresjukdommar har ein døgnpost og ein dageining. I tillegg har seksjonen ein omfattande poliklinikk og tilknytta dageining. Poliklinikken har særleg ansvar for utgreiing og oppfølging av pasientar med kronisk nyresjukdom, herunder nyretransplanterte og nyredonorar. Andre viktige grupper er pasientar med hypertensjon og Fabry sjukdom. Viktige prosedyrar som blir utført er nyrebiopsiar, ultralydundersøkingar og nyrefunksjonsmålingar. Sjukepleiar med spesialkompetanse er knytta til poliklinikken.
Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf. 55973619/91640637Post 5 Nord Seksjon for blodsjukdommar behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for stamcelletransplantasjon. Hausten 2024 skal vi flytte inn i nye lokale med eigen eining for transplantasjon. Som sjukepleiar vil du få spennande og utfordrande oppgåver med mogleghet for oppfølging av pasientar over lengre periodar. Vi søker sjukepleiar som kan jobbe sjølvstendig og i lag med andre, er positiv og ser moglegheiter for utvikling.
Kontakt: Ina Endregaard, Tlf. 99498863 eller Mona Helen Toftevåg, Tlf. 97636664Revmatologisk avdeling, Infusjonspoliklinikken har arbeidstid mest på dagtid, men ein må rekne med nokre seinvakter. Du vil bli tilsett i ei stilling ved osteoporose-senteret, der arbeidsoppgåvene består av måling med DXA maskinar, pasientopplæring, pasientsamtalar, vurdering av tilvisingar og anna skrivearbeid. Delar av stillinga vil også vere ved vår infusjonseining. Ved vår osteoporoseeining har vi 2 DXA maskinar der vi måler ca 2000 pasientar årleg. Det er eit høgt arbeidstempo og mykje sjølvstendige arbeidsoppgåver. Vi kan tilby god opplæring og eit godt arbeidsmiljø. Personar med kjennskap til DXA maskinar og revmatologi vil bli føretrekte. Ein må kunne sette pvk og bruke Ivac pumper, erfaring frå slikt arbeid er nødvendig.
Kontakt: Revmatologisk poliklinikk: Kristin Selseng Soltveit, Tlf 55973794Hud og Revmatologisk sengepost Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdomar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og øyeblikkelig hjelp. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Vi held til i Hudbygget på Haukelandsområdet.
Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944Du må:
  • Ha eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning vår/sommar 2024
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonSjå kontaktpersonoppgitt for dei enkelte stillinganeLinda Røthe YstanesRådgivarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen