Lærling i salsfaget

Vestland fylkeskommune

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaEr du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit ungt og dynamisk miljø? Ved Amalie Skram vgs. har vi ein ledig læreplass i salsfaget frå hausten 2024. Stillinga vil vere lokalisert i Bergen sentrum vegg i vegg med AdO Arena. Normal læretid vil vere 2 år dersom du går ordinært løp frå vg2 i salsfaget.
På skulen har vi vår eigen lærebedrift, Kaffe Diem, der du i læretida mellom anna vil lære mykje om:
  • Kundebehandling og sal
  • Service og kommunikasjon
  • Økonomisk og berekraftig drift
  • IKT og bruk av digitale verktøy.
Les gjerne meir på vår nettside om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:BergenStillingstittel:Lærling i salsfagetStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4773348716Sosial deling :Som lærling i salsfaget vil du i læretida jobbe med eit breitt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.Døme på dette er:
  • Kundebehandling og sal
  • Service og kommunikasjon
  • Utarbeiding av rutiner og informasjonsmateriell
  • Organisering av interne møter, samlingar og arrangement
  • Planlegging og gjennomføring ulike elevaktivitetar
  • Bruke ulike former for kommunikasjon for å samhandle; slik som telefon, e-post, Teams og OLKWEB
Det er ynskjeleg med:
  • Fullført og bestått vg1 og vg2 i salsfaget
  • Gode datakunnskapar og god skriftleg framstillingsevne
  • Vurdering «god» i både orden og adferd begge år, og lite fråvær
  • God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne, noko engelskkunnskap er ein føremon
  • Serviceinnstilt
  • Open og lærevillig
  • Initiativrik og strukturert
  • Punktlig og høflig
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å handtere mange ulike oppgåver
Amalie Skram vgs. har lang og god erfaring med lærlingar og tilbyr tett oppfølging av fagleg leiar.
  • Løn etter tariff som stig gradvis i læretida
  • Mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit varmt og trygt arbeidsmiljø
  • Arbeidsplass i eit moderne bygg med AdO Arena vegg i vegg
  • Gratis treningsrom
  • Ulike sosiale aktivitetar
  • Mogleg å søke utveksling i utlandet
  • Oppstart etter avtale haust 2024
Adresse: Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen, NorgeKontaktinformasjonMercedes Ayala MoralesmiljøarbeidarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Lærling i PSS Securitas

    Securitas

    • Bergen, Vestland
    Ønsker du å være lærling i PSS Securitas? PSS Securitas er en av Norges største leverandør av godkjente ordensvakter og vektere. Vi leverer ordensvakter, vektere til arrangement, h…
    • 1 måned siden
  • Lærling i salsfaget

    Vestland fylkeskommune

    • Bergen, Vestland
    Er du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit ungt og dynamisk miljø? Ved Amalie Skram vgs. har vi ein ledig læreplass i salsfaget frå hausten 2024. Stillinga vil …
    • 9 dager siden
  • Lærling / lærekandidat i Helsearbeiderfaget

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Bergen kommune er en av de største opplæringsbedriftene i Vestland fylke. Hos oss får du strukturert opplæring med lønn, egen instruktør, fagdager og tett oppfølg…
    • 3 dager siden