
Open søknad - tilkallingsvikar i reinhald
- Selje, Vestland Nordfjordeid, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Vikararbeid innan reinhald i heile Stad kommune
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i reinhald
- Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
- Du er interessert i fagområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
- Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste
6740 Selje
NorgeKontaktinformasjonAnn-Mari SildenFagleiar reinhaldE-post: ann-mari.silden@stad.kommune.noOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!https://www.nordfjord.no/stadhttps://www.einstadistad.no/