Økonomikonsulent / -rådgjevar

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video:Økonomikonsulent / -rådgjevarI ved (NT-fakultetet) er det ledig stilling som økonomikonsulent / -rådgjevar.Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 900 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.Økonomiseksjonen ved NT-fakultetet består av om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som held til i Realfagbygget. Seksjonen er organisert i tre temagrupper: totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Vi leverer økonomitenester og -støtte til både fakultetet og alle institutt og senter som høyrer til fakultetet. Den utlyste stillinga er knytt til temagruppa generell økonomi.Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Hos oss vil du bli del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø og få varierte og sjølvstendige oppgåver innan økonomifeltet. Stillinga rapporterer til seksjonssjef.ArbeidsoppgåverDøme på arbeidsoppgåver for ein økonomikonsulent / -rådgjevar:
  • Saksbehandle lokale anskaffelser og innkjøp
  • Behandle inngående fakturaer
  • Opprette og følje opp utgåande fakturaer
  • Internfakturering, rekneskapskorreksjonar og andre rekneskapsrelaterte oppgåver
  • Følgje opp anleggsregisteret
  • Oppretting, oppfølging og avslutting av mindre eksternfinansierte prosjekter
  • Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål
  • Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar
  • Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta
  • Annen sakshandsaming
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga.Kvalifikasjonar og eigenskapar Kvalifikasjonar
  • Utdanning på masternivå er eit føremon, men bachelorutdanning med relevante fag i fagkrinsen og gode resultat kan òg vurderast.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
  • God rekneskaps- og tallforståing er ein føresetnad.
  • Kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar er eit føremon
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
  • Nyutdanna kandidatar, både med bachelor- og mastergrad, er òg aktuelle.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskaparVi søkjer ein person som
  • er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • er initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.Vi kan tilby
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årslønn mellom kr 590 000 og 640 000 eller som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr 640 000 og kr 750 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
  • fleksibel arbeidstid med moglegheit for noke heimekontor
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode
Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seniorrådgjevar Tine Charlotte Overå telefon 55 58 31 88 / e-post eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-postMangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen .Kontaktperson for stillingenKaroline ChristiansenHR-rådgiver+4755584770Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. ogSektorOffentligNettsted

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

Lignende stillinger

  • HR-rådgiver

    Den norske kirke

    • Bergen, Vestland
    Oppgaver og ansvarsområder I denne stillingen vil du ha ansvar for rekrutteringsprosesser ha fagansvar og ansvar for å saksbehandle på utvalgte områder, som for eksempel visums…
    • 6 timer siden
  • HR-rådgiver

    Sjomannskirken

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Til denne stillingen ser vi etter deg som ønsker å bruke din HR-kompetanse i en verdibasert organisasjon. Du blir en viktig del av støttefunksjonen for å skape mest…
    • 10 timer siden