Ringevikar ved Tyssedal barneskole, SFO

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA

  • Odda, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Ringevikar ved Tyssedal barneskole, SFOOppstart etter avtaleArbeidsoppgåver:
  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet
  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette
Ynskte kvalifikasjonar:
  • barne- og ungdomsarbeidar
  • erfaring frå arbeid med barn og unge
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert
Vi ser etter deg som:
  • likar å arbeida med barn og unge
  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar
  • er sjølvstendig og fleksibel
  • har gode samarbeidsevner
  • er robust, omsorgsfull og tolmodig
  • er løysningsorientert og initiativrik
Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga.Vi tilbyr:
  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- ogKrav: * PolitiattestTil orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRuth Therese Hylland Gravdal+47 93626184 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49SektorOffentlig

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA

Lignende stillinger

  • 100% stilling som lærar ved Odda barneskole

    ODDA BARNESKOLE

    • Odda, Vestland
    100% fast stilling som lærar på Odda barneskole i Ullensvang kommune. Odda barneskole er ein barneskule, 1.-7. trinn, med ca 300 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av O…
    • 3 dager siden
  • Ringevikar ved Tyssedal barneskole

    TYSSEDAL BARNESKOLE

    • Odda, Vestland
    Tyssedal barneskole ynskjer lærarvikarar/ringevikarar Oppstart etter avtale Arbeidsoppgåvene kan innebera: undervisning i klassegruppe undervisning med enkeltelev eller lita …
    • 2 dager siden
  • Bli vår nye ringevikar i vakre Jondal

    Coop

    • Ullensvang, Vestland
    Har du lyst på en variert og spennende jobb i en butikk med både dagligvarer og byggevarer - midt i hjertet av Hardanger? Da kan Coop Prix Jondal være stedet for deg! Coop Prix J…
    • 29 dager siden