Frydenbø Bil i Stryn søkjer deg som er klar for nye utfordringar og ønskjer å jobbe med framtidsretta teknologi og sterke bilmerke. Vi har ei spennande stilling ledig for ein dyktig mekanikar som vil bli ein del av teamet vårt. Vi er merkeverkstad og forhandlar for Volkswagen, VW Nyttekøyretøy, Audi og Skoda, merkevarer som er kjende for innovativ teknologi og høg kvalitet.Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med tilgang til moderne utstyr og gode rammer for utvikling. Vi legg stor vekt på kompetanse, og som tilsett får du gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom Harald A. Møller kompetansesenter.Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt og desse pregar kvardagen vår, korleis vi samarbeider og møter kundane våre. Arbeidsoppgåver vil vere:Service og vedlikehaldFeilsøking og diagnoseReparasjonar og mekanisk arbeidPKKMontering av ekstrautstyr Vi ser etter deg som:Har relevant fagbrev, fortrinnsvis som bilmekanikarHar god kunnskap om bil og interesse for fagetEr nøyaktig, effektiv og løysingsorientertLikar å samarbeide og trivst med varierte oppgåverSet kundane i fokus og ønskjer å levere kvalitet og god serviceEr positiv, engasjert og har gode haldningar Vi tilbyr:Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarerEit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaerGode utviklingsmoglegheiterKonkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikringStøtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernetTilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og MallorcaHos Frydenbø Bil i Stryn blir du ein del av eit solid og framtidsretta selskap med spennande moglegheiter og gode kollegaer. Høyrest dette interessant ut? Send inn søknaden din -- vi vurderer kandidatar fortløpande.Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Reidar Hunvik:Tlf.: 99205022E-post Søknadsfrist: 13. september 2025Om bedriftenFrydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.SektorPrivatNettsted