Om stillingaVi søkjer ein engasjert studiekoordinator til ei 70 % mellombels stilling i Eldremedisinsk forskingsgruppe.Stillinga er knytt til kvinnehelseprosjektet "Demens med Lewylegemer hos kvinner". Dette prosjektet er finansiert av Forskningsrådet. I studien skal vi finne nye biologiske markørar i blodprøvar og ryggmargsvæske hos kvinner diagnostisert med Lewylegeme-demens.Den som vert tilsett vil vere koordinator for ulike forskingsprosjekt i eldremedisinsk forskingsgruppe.Sjå vår nettside for oversikt over alle pågåande studiar her:NøkkelinformasjonSøknadsfrist:16.09.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:StudiekoordinatorStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:EngasjementStillingsprosent:70Webcruiter-ID:5009406569Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Koordinering av pågåande studiar, det vil sei bidra til gjennomføring av studiane, og til samarbeid med andre forskingssentra og samarbeidspartar
Koordinere arbeid med nye søknadar
Rapportering til føretak og finansieringsinstitusjonar
Planlegge og gjennomføre relevante samlingar i eldremedisinsk forskingsgruppe
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Helsefagleg eller medisinsk utdanning
Bachelor, master eller PhD frå relevant utdanning
Gjerne relevant erfaring frå kliniske studiar
God norsk og engelsk formidlingsevne både skriftleg og munnleg
God kjennskap til vanlege digitale verktøy
Kva ser vi etter hos deg?
Evne til sjølvstendig arbeid og sikre framdrift i prosessar
Gode koordineringsevner og evne til samarbeid i forskingsgruppe og med kliniske miljø
Evne til å skape engasjement og eit positivt arbeidsmiljø rundt seg
Kvifor skal du velje oss?
Godt forskingsmiljø innan eit forskingsområde i stor utvikling
Nødvendig forskingsstøtte og -utstyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonHaldis Johanne Økland LierForskningssjefOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .