Brannkonstabel / røykdykkar

Aurland kommune

  • Aurland, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 19 dager siden
Brannkonstabel / røykdykkarOm stillingaAurland brannvern søkjer etter brannkonstablar / røykdykkar i deltidsstilling ved Aurland brannstasjon frå 1 juni. I brannvesenet er det 21 tilsette med variert fagleg bakgrunn. Aurland brannvern er eit deltidsbrannvern der den tilsette har vakt i eigen heim. Brannstasjonen er fast base for tilsette og ligg sentralt på Ohnstad i Aurland.Arbeids- og ansvarsområdeI Aurland kommune lyt me rekne med å kome først til skadestaden i meir enn ni av ti tilfelle. Saman løyser me brann, politi og helserelaterte oppgåver i tidleg fase. I løpet av eit år er me ute på om lag 60 hendingar, der 1/4 er trafikkulykker.Når du er godkjent røykdykkar inngår du i vaktordning med ca. to vaktveker per år i ferier, høgtider og ev. andre periodar der ein kan forvente lite oppmøtel.Når nettbasert kurs i brannvern og internopplæringa hjå oss er gjennomført, skal dei nytilsette gjennomføre grunnkurs for deltidspersonell. Etter gjeldande utdanningsmodell gjennomførast grunnkurset på nett, før praksisveke ved godkjent øvingsanlegg og eksamen. Som brannkonstabel hjå oss lyt du verte godkjent som røykdykkar. Dispensasjon frå røykdykking kan verte gjeve ved høg akuttmedisinsk kompetanse.Me tilbyr-Løn i etter tariff.-Spennande, krevjande, varierte, og meiningsfylte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.- Gratis inngang til svømmebasseng og trimrom i Aurlandshallen- Tilgang på trimrom på brannstasjonenSjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar- Bupel og helst arbeidsstad i nærleiken av brannstasjonen.- Fagbrev som fagarbeidar innan handtverkar fag er ein fordel men ikkje eit krav, eller anna relevant utdanning og/eller yrkeserfaring som t.d. innan akuttmedisin.- God helse og fysikk. Før tilsetjing må ein bestå Arbeidstilsynet sin røykdykkartest. Dispensasjon frå dette kan verte gjeve ved høg kompetanse innan akuttmedisin. Vidare har ein ansvar og plikt til å halde seg i fysisk god form og bestå dei krav som til ein kvar tid gjeld.- Gode norskkunnskaper skriftleg og muntleg.- Førarkort klasse B, og klasse C er ein fordel.- Plettfri vandel- Personlege eigenskapar vektleggjast tungt.Personlege eigenskapar
  • Lojal
  • Pliktoppfyllande
  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • politiattest må leverast før du byrjar i stillinga
Krav til språkDu må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.Generell informasjonAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Aurland kommune