
Helsefagarbeidar
- Sandane, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Har erfaring frå kommunehelsetenesta
- Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Har god og generell IT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
- Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.