Fastlege/tilsynslegeOm stillingaFørde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 kommunalt tilsette fastlegar.Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 800 pasientar (pr. dags dato 600). I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 20% stillingsstorleik.Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter i månaden)Kommunestyret i Sveio vedtok i sommar å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor.Arbeidsoppgåver
Fastlege for liste med tak på 800 pasientar
Tilsynslege 20% (1 dag i veka)
Tilplikta legevakt i interkommunal legevakt (Haugesund kommune vertskommune)
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Fleksibel og serviceinnstilt
Kvalitetsbevisst, nøyaktig og strukturert
Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Stillinga er avløna med fast løn + provisjonsavtale
Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP.
Kommunen er open for å drøfta andre driftsformar enn kommunal fast tilsetjing (privat næringsverksemd eller 8.2 avtale) om ønskeleg.
Om Sveio kommuneVakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.