Fagansvarlig bioingeniør, prøvehåndtering og mikrobiologi

HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Vil du jobbe som fagansvarleg bioingeniør - og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?Som fagansvarleg bioingeniør ved Laboratoriet i Odda får du ei sjølvstendig rolle med ansvar for prøvehåndtering og mikrobiologi, tett på drift og pasientbehandling - i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. Du blir fast tilsett hos oss, men fagansvaret er eit vikariat i ein avgrensa periode. Ved intern tilsetting blir det ledig fast stilling som bioingeniør. Opplys gjerne i søknad dersom dette er av interesse.Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!
Vurderer du å flytte - men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld - .Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar - og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.Kva går jobben ut på?Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
  • Mottak, fordeling og sending av prøver internt og eksternt
  • Ansvar for sentrifuger, vekt, varmeskap og avtrekkskap
  • Lokalt ansvar for pipetter
  • Hurtigtester: pnemokokk og legionella
  • Ansvar for opplæring av tilsette
  • Bestilling av varer til fagområdet
  • Delta i rutinedrift og vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
  • jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet - også når det er mykje å gjere
  • tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?
  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123,Arbeidsstad Sjukehusvegen 10
5750 ODDANøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5108903525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2026Kontaktperson for stillingenRandi DjønneFunksjonsleiar+47 53651123Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentlig

HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS