Kreftkoordinator 60% fast stilling

Vindafjord kommune Se alle jobber

  • Vindafjord, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Vil du gjer ein forskjell for mennesker i ein sårbar livssituasjon?Etter mange år i tenesten går ein av våre fast tilsette over i pensjonistenes rekkjer, og me søkjer derfor ein autorisert sjukepleiar med viderutdanning innan kreftsjukepleie.Kreftsjukepletenesta er organisert under heimebaserte tenester og har tett samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Hos oss er kreftpasienten "skipper på eiga skute, medan kreftkoordinatoren kan vera los i uryddige farvaten".Kva får du jobba med hos oss?
  • Gi individuell oppfølging og veiledning av kreftpasientar og pårørande
  • Samhandla og koordinere tenestetilbod og samarbeid med både interne tenester, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper
  • Utføre symptomlindring, kurativ og palliativ behandling
  • Sikre gode pasientforløp frå diagnose til oppfølging og lindrande fase, med vekt på livskvalitet og "kva er viktig for deg no"
  • Ha samtalar om det vanskelege
  • Leggje til rette for og koordinere tenester for personar som ønskjer å avslutte livet i eigen heim
  • Undervise og dele fagkunnskap med tilsette i heimesjukepleien og på institusjonane våre
  • Ha ansvar for kveldskafe for personar med kreft og deira pårørande, i samarbeid med Frivilligsentralen
  • Bidra til utvikling av kommunens kreftomsorg
Me kan tilby:
  • Ein meiningsfull og sjølvstendig stilling.
  • Eit godt fagmiljø, tverrfagleg utvikling og deltaking i relevante nettverk.
  • Engasjerte kollegaer som ønskjer at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i tråd med kommunen sin kompetanseplan.
  • Moglegheiter til å søkje stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • God støtte og grundig opplæring for kome i gang i den nye rolla.
  • Kjekke tilsettegoder, mellom anna gratis parkering og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Høve til å vere med i bedriftskunstlaget og det kommunale koret (
). * Ei av Norges sikraste pensjonsordningar, innkludert gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Autorisert sjukepleiar med videreutdanning innan kreftsjukepleie
  • Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
  • Du må ha førarkort for personbil
Personlege eigenskapar:
  • Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Trygg i krevjande samtalar og situasjonar
  • Fagleg engasjert og oppdatert innan kreftsjukepleie og palliasjon
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Vindafjord kommune

Lignende stillinger

  • Avdelingsleiar, 100% fast

    Etne kommune

    • Etne, Vestland
    Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning. Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeid…
    • 3 dager siden
  • Ingeniør/prosjektleiar

    Vindafjord kommune

    • Vindafjord, Rogaland
    Vindafjord kommune har ledig ein 100% fast stilling som ingeniør/prosjektleiar. I Vindafjord kommune har me mange spennande prosjekt innan fleire fagfelt. Stillinga vil få ansvar…
    • 16 dager siden
  • Offshore elektriker

    • Ølensvåg, Rogaland
    Westcon Power & Automation AS har siden 1988 levert elektrotjenester -- fra EX-inspeksjoner til installasjon av hybrid- og elektriske systemer på nye og eksisterende fartøy. Riggav…
    • 8 dager siden