Sjukepleiar 100 % fast stilling

SYKKYLVEN KOMMUNE BUAS SONER

  • Sykkylven, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?Vi har no ledig 100 % fast stilling ved BUAS sone 2, med moglegheit for å vere med i eit engasjert og inkluderande team! Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.Kvifor BUAS sone 2?
Vi er ein samansett og fagleg sterk gjeng som er stolte av arbeidsplassen vår. Her får du moglegheit til å utvikle deg fagleg i eit miljø som verdset kvalitet og samarbeid høgt. Som sjukepleiar hos oss får du bruke og utvikle kompetansen din i eit sjølvstendig arbeid, samtidig som du er ein viktig del av teamet.
Vi søkjer deg som brenn for fagleg utvikling og høg kvalitet i pasientomsorga. Du er sjølvstendig, tar utfordringar på strak arm, og har gode samarbeidsevner.
Vi nyttar moderne verktøy som Visma Profil for dokumentasjon og Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister, som gjer kvardagen enklare og meir oversiktleg.
Er du klar for å bidra til eit meiningsfullt og utviklande arbeidsmiljø?Send inn søknaden din i dag - vi gler oss til å høyre frå deg!Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.Kontaktinformasjon Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar sone 2, 95 94 73 61,Arbeidsstad Haugneset 16
6230 SYKKYLVENNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4958767702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2025Kontaktperson for stillingenAstrid Hammernes StrømmeAvdelingsleiar sone 295 94 73 61Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå SykkylvenNettsted

SYKKYLVEN KOMMUNE BUAS SONER

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, korttids-rehabilite…
    • 3 dager siden
  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Om stillinga Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, kort…
    • 3 dager siden
  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, korttids-rehabilite…
    • 3 dager siden