
Miljøarbeidar i nattevaktstilling
- Norge
- Fast
- Fulltid
- Utføra tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yta praktisk bistand til rettleiing i dei daglege gjeremåla, samt leggja til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde brukar.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande loverk.
- Stillinga rapportera til avdelingsleiar.
- Helsefagarbeider
- Søkjarar utan formell utdanning kan bli vurdert, der relevant erfaring/praksis og personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Arbeidserfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming.
- Norskferdigheiter tilsvarende nasjonal norskprøve på nivå B1 for fagarbeidere og ufaglærte.
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
- Sertifikat kl. B.
- Godkjent politiattest (ikkje eldre enn tre mnd) vert det stilt krav til før tiltreding i stillinga etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Søknad om politiattest vert gort etter tilsetting.
- Erfaring fra bruk av journalsystem
- Erfaring fra brukarar med utfordrande åtferd og kjennskap til helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du jobbar godt sjølvstendig.
- Du må vera i god fysisk form og kunne møte utfordringar.
- Du er engasjert, initiativrik og kreativ.
- Du ser løysingar før avgrensing.
- Du jobbar mål- og resultatorientert.
- Du bidreg til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Vi gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.