Arkivforvaltar for forskingsdataarkivet DataverseNO
Tromsø, Troms og Finnmark
Fast
Fulltid
1 dag siden
Om stillingaVed , UiT Noregs arktiske universitet (UB) er det ledig ei fast heiltidsstilling som arkivforvaltar i DataverseNO.er eit nasjonalt, generisk arkiv for forskingsdata som blei lansert i 2017. Arkivet er forvalta av UiT på vegner av eit nasjonalt konsortium med 16 partnarinstitusjonar. Den tekniske infrastrukturen til arkivet er basert på den opne arkivapplikasjonen Dataverse, som er utvikla av eit internasjonalt utviklar- og brukarfellesskap leidd av Harvard University. Forankra i og i er DataverseNO eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.Den nye stillinga vil vera ein del av DataverseNO-arkivforvaltninga, som i dag består av eit team med til saman åtte tilsette frå UB og IT-avdelinga ved UiT og frå UB ved NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Saman med dei andre teammedlemene vil den nye arkivforvaltaren ha ei sentral rolle i den daglege drifta og den vidare utviklinga av DataverseNO.Vi søkjer ein initiativrik og omgjengeleg pådrivar med ambisjonar om å bidra til å sikra og løfta nivået på DataverseNO til å kunna tilby forskarar frå norske institusjonar eit påliteleg og framtidsretta arkiv for forskingsdata i verdsklasse. Ønskt oppstart er januar 2026.Arbeidsstad er UiT i Tromsø, og stillinga er plassert på Avdeling for forskings- og utdanningsstøtte ved Universitetsbiblioteket UiT.Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver kan til dømes vera:
dagleg drift, vedlikehald og oppgradering av DataverseNO
utvikling av tenesta, inkl. utforming, oppdatering, og oppfølging av DataverseNO-forvaltningsdokument som t.d. strategisk plan, vegkart, policyar og retningsliner
samarbeid med styringsgruppa for DataverseNO
samarbeid med og opplæring og rettleiing av DataverseNO-samlingsforvaltarar og -kuratorar
rettleiing og oppfølging av partnarinstitusjonar og sluttbrukarar
kuratering av forskingsdata
administrative oppgåver
formidling og promotering av tenesta og prosjektaktivitetar og -resultat
sertifisering av arkivet
kontakt med leverandørar
Fordeling og vektlegging av dei konkrete oppgåvene til den nye stillinga vil ta utgangspunkt i aktuelle behov og i kompetansen og interessa til søkjaren og dei andre medlemene av arkivforvaltninga.Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde og organisasjonstilhøyrsle vil kunna endra seg over tid. Dette stiller store krav til omstilling. Den som blir tilsett, må vera villig til å tilpassa seg slike endringar.Kvalifikasjonar Nødvendige kvalifikasjonar
høgare utdanning på minimum masternivå, gjerne ph.d.
god forståing av informasjonsteknologi og gode digitale kunnskapar og dugleikar. Vi ber søkjarar om å beskriva sin digitale kompetanse i søknadsbrevet.
kjennskap til forvaltning av forskingsdata
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
Ønskte kvalifikasjonar
erfaring frå drift og utvikling av forskingsdataarkiv eller liknande støttetenester for forskingsdatahandtering
erfaring frå forskingsarbeid
erfaring frå forskings-, utviklings eller innovasjonsprosjekt eller anna prosjektarbeid
erfaring frå formidling og opplæring innan høgare utdanning
Ønskte eigenskapar:
jobbar strukturert og sjølvstendig og er løysings- og resultatorientert
har gode samarbeidsevner og kommuniserer og samhandlar godt med kollegaer, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar og sluttbrukarar med ulik bakgrunn
set seg raskt inn i nye oppgåver
er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
I vurderinga av søkjarane vil vi vektleggja i kva grad dei er motiverte og personleg skikka til stillinga.Vi tilbyr
eit uformelt og godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer
gode moglegheiter for fagleg utvikling
fleksibel arbeidstid
gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar, t.d. trening i arbeidstida
nødvendig opplæring
Stillinga blir lønt som universitetsbibliotekar (kode 1199) eller førstebibliotekar (kode 1200) etter statens lønnsregulativ avhengig av kvalifikasjonar. Frå bruttolønn blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode fordelar i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Les meir om tilsettgoda dine på .SøknadenSend søknad elektronisk på søknadsskjema som ligg på www.jobbnorge.no. Søknaden skal innehalde:
søknadsbrev
CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
vitnemål og attestar
2-3 referansar med kontaktinformasjon
All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.Inkluderande arbeidsliv og mangfaldUiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar att mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen til befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.Har du funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i .Generelle opplysningarTilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statstilsette, og retningsliner ved UiT. På nettsidene våre finn du meir .Ved UiT legg vi vekt på mangfald og oppmodar difor kvalifiserte søkjarar til å søkja utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode (hòl i CV-en).UiT legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda for tilsette med redusert funksjonsevne. Førespurnader om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, helseteneste, høve for fleksitid, deltid o.l. kan rettast til kontaktperson for stillinga.Personopplysningar som søkjar fører opp, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkjarar kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista, men universitetet kan likevel vedta at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vil då bli varsla før offentleggjering.Kontaktpersoner for stillingenPhilipp Conzettførstebibliotekar+4777645361Kopier telefonnummerKopier e-postadresseMariann Løkseseksjonssjef+4777644146Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenUiT Noregs arktiske universitet er eit internasjonalt leiande breiddeuniversitet. Vår visjon er å vera ei drivkraft i nord. Det nordsamiske omgrepet eallju, som tyder arbeidsiver, set tonen for drivkrafta ved UiT. Saman med studentar, tilsette og samfunnet elles skal vi nyttiggjera oss vår plassering i Nord-Noreg og Sápmi, vår faglege breidd og tverrfaglege fortrinn for å forma framtida.Vårt samfunnsoppdrag er å gje forskingsbasert utdanning av høg kvalitet og utføra kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking i heile spennet frå det grunnleggjande til det praktiske på høgt internasjonalt nivå. Vi skal formidla kunnskap om fagområda våre og bidra til innovasjon. Samfunnsoppdraget sameiner UiT på tvers av ulike studium, forskingsfelt og store geografiske avstandar. Det krev godt samarbeid med nærings- og samfunnsliv og internasjonale partnarar.SektorOffentligNettsted