Vernepleiar - 100 % fast stillling
KUHNLETUNET DAGSENTER
- Vestland
- Fast
- Fulltid
Hellemyra bufellesskap ligg sentralt i Eikelandsosen og er eit av kommunens ni bufellesskap for vaksne. Her bur det fem tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Arbeidet inngår i turnus, med moglegheit for langvakter i vekedagar og arbeid kvar fjerde helg.Arbeidsoppgåver
Som tilsett vil du få ei sentral rolle i å:
- yta heilskaplege og faglege tenester i tråd med prinsippet "Kva er viktig for deg?"
- bidra til å sikra høg livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
- støtte brukarane i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar
- vera primærkontakt og ha ansvar for medikamenthandtering
- delta i målretta miljøarbeid og oppfølging av vedtaksfesta tiltak
Vi søkjer deg som er:
- autorisert vernepleiar, men er du autorisert sjukepleiar kan du også vera aktuell for stillinga.
- gjerne med erfaring frå arbeid med personar med nedsatt funksjonshemning (ikkje krav)
- trygg i rolla di, med høg etisk bevisstheit
- god på relasjonsbygging, tillit og samhandling
- sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
- lyttande og respektfull - både overfor brukarar og kollegaer
Du må kunne leggje fram gyldig politiattest, og eventuell utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande tariffavtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- Fokus på å utvikla heiltidskultur i kommunen
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenIrene EgbeAvdelingsleiar+47 454 65 833 +47 454 65 833Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?SektorOffentlig