Bli økonomisjef midt i hjartet av Jotunheimen

Veksthuset

  • Lom, Innlandet
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Lom kommune søker ein engasjert og framtidsretta økonomisjef som vil spele ei sentral rolle i vidareutviklinga av ein veldriven kommune med store ambisjonar og sterke røter – midt i spektakulær natur.Her får du ikkje berre ein jobb – du får ei nøkkelstilling der du får påverke både økonomien og utviklinga av heile lokalsamfunnet.Ei stilling med utsikt – både fagleg og geografiskSom økonomisjef i Lom blir du ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Du får overordna ansvar for økonomistyring, budsjett, rekneskap og økonomiske analysar – og du blir ein viktig rådgjevar for både administrasjon og politisk leiing.Dette er jobben for deg som trivst med både strategisk arbeid og operativ oppfølging – og som likar å formidle økonomiske vurderingar til både økonomar og ikkje-økonomar.Kven er du?Vi ser etter deg med høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande fagområde. Du har erfaring frå økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor, og det er ein fordel om du har kjennskap til system som Visma Enterprise og Framsikt. Du jobbar sjølvstendig, er strukturert og har god heilskapsforståing. Samtidig er du ein lagspelar som kommuniserer godt og evnar å formidle komplekse økonomiske saker på ein enkel og forståeleg måte. Du har ein analytisk tilnærming, er løysingsorientert og trivst med endring og utvikling.ArbeidsoppgåverPersonalansvar for dei tilsette i økonomiavdelingaUtarbeide og følgje opp budsjett, økonomiplan, rapportering og prognosarGjennomføre analysar og gi økonomiske råd til leiingaFonds- og låneforvaltningFølgje opp økonomiske nøkkeltal og identifisere moglegheiter for forbetring på tvers av tenesteområdaBidra til å utvikle gode arbeidsprosessar og styrke kvaliteten i økonomiarbeidetAndre relevante oppgåver kan bli lagt tilPersonlege eigenskapar vi vektleggVi ser etter ein person som kommuniserer tydeleg og som evnar å sjå heilskap og samanhengar i den økonomiske drifta. Du har ein strukturert og systematisk arbeidsform, kombinert med engasjement, nysgjerrigheit og eit godt humør som bidrar positivt til arbeidsmiljøet. God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg, er også viktig for å lykkast i rolla.Vil du til topps, må du komme deg til Lom!Her får du:Ei meiningsfull og synleg rolle med stor påverknadskraftVarierte og utfordrande oppgåverGode pensjons- og forsikringsordningarFlyttegodtgjersle etter kommunalt reglementEit inkluderande og triveleg arbeidsmiljøMoglegheit for heimekontorOg ikkje minst: Nærleik til Jotunheimen, Sognefjellet og eit eldorado av friluftsopplevingar – året rundtØnskjer du meir informasjon? Ta kontakt med Gry Matsen på 950 55 784.For å søkja stillinga nytt link på sida

Veksthuset