100% fast stilling som sjukepleiar ved heimebasert omsorg i Lom
LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Innlandet
Fast
Fulltid
2 dager siden
Hva vi ser etterVi ser etter deg som:er offentleg godkjend sjukepleiarhar erfaring frå liknande arbeidhar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleghar førarkort klasse BDet er også ynskjeleg med relevant vidareutdanning.Vidare ynskjer vi at du:er trygg, fleksibel, positiv og motiverter strukturert, målretta, god til å planleggje og prioritereer ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktigevnar godt å arbeide både sjølvstendig og i teamhar stor interesse for faget, og brenn for fagutviklinghar gode kommunikasjonsevnerhar endringsvilje og er ein lagspelarvil vere med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar vektleggast for stillinga.ArbeidsoppgaverUtføre god fagleg sjukepleie ved behandling og oppfylging av pasientar og pårørande - etter gjeldande lovverk, forskrift og kvalitetskrav.Tenesteansvarleg for ei gruppe pasienter etter primærkontaktsystemet, og arbeid knytt til oppfylging av dette ansvaret.Følgje rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid.Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdeling og tverrfagleg.Vaktansvarleg sjukepleiar på enkelte turnusvaktar, og oppgåver knytt til dette.Bidra til eit godt arbeidsmiljø.Rettleiingsansvar overfor kollegaer og studentar.Nytte journalsystemet Profil / Mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging/utføring av oppgåver, og dokumentasjon etter gjeldande lovverkVi tilbyrFast 80-100% sjukepleiar stilling med oppstartsdato etter nærare avtale.Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid for tida kvar 3. helg. Det kan ved turnusendringar i avdelinga blir moglegheit for langvakter kvar 4. helg.Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.Fagmøtetid i turnusHøgt fagleg nivå på tenestene, med kontinuerleg fokus på fag, kvalitetsforbetring og brukartryggleikKontaktperson for stillingenJulianne Ramstad PlassenLeiar heimebasert omsorg47460296Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenLom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!SektorOffentligNettstedFacebook