Studiekoordinator

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Deltid
  • 6 timer siden
Vi søkjer ein engasjert studiekoordinator til ei 70 % mellombels stilling i Eldremedisinsk forskingsgruppe.Stillinga er knytt til kvinnehelseprosjektet "Demens med Lewylegemer hos kvinner". Dette prosjektet er finansiert av Forskningsrådet. I studien skal vi finne nye biologiske markørar i blodprøvar og ryggmargsvæske hos kvinner diagnostisert med Lewylegeme-demens.Den som vert tilsett vil vere koordinator for ulike forskingsprosjekt i eldremedisinsk forskingsgruppe.Sjå vår nettside for oversikt over alle pågåande studiar her:Arbeidsoppgåver
  • Koordinering av pågåande studiar, det vil sei bidra til gjennomføring av studiane, og til samarbeid med andre forskingssentra og samarbeidspartar
  • Koordinere arbeid med nye søknadar
  • Rapportering til føretak og finansieringsinstitusjonar
  • Planlegge og gjennomføre relevante samlingar i eldremedisinsk forskingsgruppe
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Helsefagleg eller medisinsk utdanning
  • Bachelor, master eller PhD frå relevant utdanning
  • Gjerne relevant erfaring frå kliniske studiar
  • God norsk og engelsk formidlingsevne både skriftleg og munnleg
  • God kjennskap til vanlege digitale verktøy
Kva ser vi etter hos deg?
  • Evne til sjølvstendig arbeid og sikre framdrift i prosessar
  • Gode koordineringsevner og evne til samarbeid i forskingsgruppe og med kliniske miljø
  • Evne til å skape engasjement og eit positivt arbeidsmiljø rundt seg
Kvifor skal du velje oss?
  • Godt forskingsmiljø innan eit forskingsområde i stor utvikling
  • Nødvendig forskingsstøtte og -utstyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Haldis Johanne Økland Lier, Forskningssjef, +47 95828763Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5009406569
Stillingsprosent: 70%
Engasjement
Søknadsfrist: 16.09.2025Kontaktperson for stillingenHaldis Johanne Økland LierForskningssjef+47 95828763Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentligNettsted

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS