Rådgivar drosjeforvaltning

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Vi søker ein fagleg sterk, engasjert og strukturert medarbeidar med stor arbeidskapasitet og gode relasjonelle og kommunikative evner. Du vil inngå i eit team som ivaretek fylkeskommunen sine lovpålagde oppgåver innan drosjeforvaltning etter regelverket i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta, for å sikre ei trygg, rettferdig og effektiv drosjenæring.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kontorstad.Arbeidsoppgåver Tilsynsoppgåver knytt til drosjesentralane sine plikter.
Følgje opp fylkeskommunen sine plikter etter forskrift om sivil transportberedskap.
Behovsanalyse og strategiarbeid for å sikre eit heilskapleg drosjetilbod i Møre og Romsdal.
Saksbehandling og forvaltningsoppgåver knytt til drosjenæringa.
Generell oppfølging av regelverket i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta.
Registrering i og vedlikehald av transportløyvedatabasen.
Dialog, rettleiing og kontakt med drosjesentralar, løyvehavarar og andre aktørar.
Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling.
Samarbeid med andre offentlege etatar for kontroll av næringa.
Samarbeid med kommunar, næringsaktørar og andre offentlege etatar.Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning på mastergradnivå, fortrinnsvis innan økonomiske og administrative fagretningar eller jus.
God forståing for offentleg forvaltning og regelverksarbeid.
God kjennskap til reglane om saksbehandling i forvaltningslova.
Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
Lang erfaring frå relevant arbeidsområde eller offentleg verksemd kan i særlege tilfelle kompensere for kravet til relevant høgare utdanning.Personlege eigenskapar Har evne til å forstå og analysere data for å gi innsikt og beslutningsgrunnlag.
Samarbeider godt i team og på tvers av fag- og kompetanseområde.
Trivst i rolla som formidlar og kan snakke enkelt om komplekse saker og statistikk med andre.
Er sjølvstendig og evnar å prioritere mellom oppgåver.
Er ein lagspelar som kan vere med å utvikle fagområdet og det sosiale fellesskapet på ein god måte.Vi tilbyr Eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Løn etter avtale.Kontaktinformasjon Harald Harstad, Driftsleiar FRAM, 91396789,
Marianne Nerås , Teamleiar forvaltning , 95448570,Arbeidsstad Borgundvegen 340
6009 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5109635024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026Kontaktpersoner for stillingenMarianne NeråsTeamleiar forvaltning95448570Kopier telefonnummerKopier e-postadresseHarald HarstadDriftsleiar FRAM91396789Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måteFylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --
(mrfylke.no)SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Rådgiver i Ålesund parkering AS

    ALESUND PARKERING AS

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Sentrale arbeidsoppgaver: Deltakelse i måneds- og årsavslutningsporsesser: Kontrollarbeid og rapportering Daglig oppfølgning av inn- og utgående fakturering: Kontering ANPR…
    • 2 dager siden
  • Ped.psyk.rådgiver - grunnskole

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillingen Ålesund PPT avd. grunnskole søker to pedagogisk-psykologiske rådgivere (vikariat, 100 %) for skoleåret 2026/27. Ålesund PPT er en stor tjeneste med et godt tverrf…
    • 6 dager siden
  • Ped.psyk.rådgiver - grunnskole

    ALESUND PPT

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Ålesund PPT avd. grunnskole søker to pedagogisk-psykologiske rådgivere (vikariat, 100 %) for skoleåret 2026/27. Ålesund PPT er en stor tjeneste med et godt tverrfaglig fagmiljø. …
    • 7 dager siden