Spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Om stillingaAlderspsykiatri SNR har ledig vikariat for spesialsjukepleiar med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. Den ledige stillinga er todelt mellom sengespost og poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.Ved Alderspsykiatri SNR gir vi utgreiing- og behandlingstilbod innan målgruppene:
  • Personar med alvorleg psykisk liding, som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)
  • Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)
  • Utgreiing av kognitiv svikt
Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene.Avdeling for sjukehuspsykiatri, inklusiv seksjon for Alderspsykiatri SNR, er no i ein omstillingsprosess der det i tillegg vil vere yngre og andre pasientgrupper i sengeposten, som til dømes alvorleg spiseforstyrring.Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv. Les meir om Molde og Romsdalen her. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:07.09.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:HjelsetStillingstittel:SpesialsjukepleiarStillingar:1Tilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4996557827Startdato:01.10.2025Sluttdato:30.09.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i vår målgruppe
  • Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester
  • Miljøtiltak - som til dømes sansestimulering, TID-modellen, tillitsskapande arbeid og funksjonsstøttande kommunikasjon
  • Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar
  • Noko ambulant verksemd må påreknast - tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus
  • Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
  • Krav om god meistring av norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
  • Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig, då det skjer endringar i organisasjonen vår
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
  • Du trivast med kombinasjonen av å jobbe både sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du er oppteken av høg fagleg standard
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Regionen vår!Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, NorgeKontaktinformasjonMarit Møgedal StokkelandSeksjonsleiarE-post: Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noOm arbeidsgivarenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på

Helse Møre og Romsdal