Assistent/helgestilling kvar 3.helg

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Om stillingaKronstad DPS er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda. Vi har om lag 95 000 innbyggjarar over 18 år i området. Vi er lokalisert på Danmarksplass og er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk Helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med 12 sengeplassar. Vi tilbyr behandling og utredning av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. I seksjonen arbeider det psykiatrar, psykolog, legar i spesialisering, sosionom, miljøterapeutar og sjukepleiarar, vernepleiarar med og utan vidareutdanning. I seksjonen tilbyr vi mellom anna samtalar, kognitiv miljøterapi, psykoedukasjon/undervisning, medikamentell behandling, fysisk aktivitet og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Psykosepoliklinikken ved Kronstad DPS som jobbar etter FACT-modellen og kommunehelsetenesta.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:13.05.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Assistent/helgestilling. 13,2% kvar 3.helgStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:13,2Webcruiter-ID:5109645947Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene består mellom anna i oppfølging og behandling av pasientar i samhandling med hovudbehandlar og team
  • Dokumentere i Dips
  • Miljøarbeid
  • Legge til rette for aktivitetar
  • Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
  • Vi søker etter positive og kreative medarbeidarar som er opptatt av å gje god kvalitet i pasientarbeidet
  • Vi legg og stor vekt på at ein bidrar til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar
  • Det er ønskeleg at søkar har erfaring med pasientgruppa eller anna relevant arbeidserfaring
  • Ønskeleg at ein kan arbeide som sommarvikar
  • Ønskeleg med førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Interesse for målgruppa
  • Evne til å arbeide fagleg målretta og strukturert
  • Evne til fleksibilitet, og til å kunne bidra til gode løysingar i ein seksjon i utvikling
  • God samhandlingsevne
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Det blir lagt vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
  • Godt fagleg miljø i ei avdeling i utvikling
  • God opplæring
  • Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonHilde SteinliSeksjonsleiarE-post: hilde.steinli@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Lignende stillinger

  • Assistent Helg

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Ved Hordviktunet private bogruppe har vi ledig stilling som assistent på helg. Tjenestestedet ligger på Hordvikneset i Åsane og er en del av Enhet for privatinitie…
    • 5 timer siden
  • Assistent Helg

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgaver Bidra til å skape trygghet i eget hjem. Oppfølging av individuelle vedtak knyttet til helse, daglige gjøremål og fritid. Praktiske gjøremål i bolig, og andre d…
    • 9 timer siden
  • Assistent/helgestilling kvar 3.helg

    Helse Bergen

    • Bergen, Vestland
    Kronstad DPS er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda. Vi har om lag 95 000 innbyggjarar over 18 år i området. Vi er lokalisert på Danmark…
    • 8 dager siden