100% fast stilling som fagarbeidar ved teknisk eining

Lærdal kommune

  • Lærdal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.Me har ledig stilling:Då ein av våre tilsette skal pensjonere seg, søker me etter 100% fast stilling som fagarbeidar ved teknisk eining.Stillinga høver både for kvinner og menn.Arbeidsoppgåver:Arbeidsoppgåvene vil vere allsidige, interessante og i utgangspunktet vera knytt opp mot drift- og vedlikehald av kommunen sine eigedommar (FDV).Arbeidsoppgåver i tilknyting parkar, vegar, og tekniske anlegg, vil i periodar òg vere aktuelt. Den som vert tilsett vil òg delta i kommunalteknisk beredskapsvakt, samt gjera teneste i brannvernet, dersom det ligg til rette for dette.Krav til utdanning og tidlegare røynsle:Me søkjer etter personar med fagbrev og/eller allsidig røynsle frå drift og vedlikehald av eit eller fleire av fagområde til dømes elektrikar, maskin, røyrleggar, tømrar med meir.Søkjar må ha førarkort for bil og traktor. Maskinførarbevis er ønskjeleg.Me søkjer etter deg med personlege eigenskapar som:
  • Gode samarbeidsevne og stå på vilje
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen
  • Vere serviceinnstilt og like å jobbe i team
  • Vere fleksibel og kunne jobbe sjølvstendig med allsidige oppgåver
  • Me kan til ein viss grad tilpassa arbeids- og ansvarsområde i forhold til den aktuelle søkaren sin faglege bakgrunn og interesse.
Lønnsvilkår:
  • Lønn etter tariff
Me kan tilby:
  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% innbetaling til KLP
  • Gode arbeidsforhold
  • Varierte arbeidsoppgaver
Send søknaden via:Lærdal kommune si heimeside; under fana "ledige stillingar"

Lærdal kommune

Lignende stillinger

  • Områdeleder Prosjekt og Teknisk støtte

    Hydro

    • Årdal, Vestland
    Siden 1905 har Hydro utviklet naturressurser til verdifulle produkter for mennesker og virksomheter, med fokus på trygge og gode arbeidsplasser for våre 30 000 ansatte på flere enn…
    • 7 dager siden
  • Arealplanleggar i 100 % fast stilling

    Lærdal kommune

    • Lærdal, Vestland
    Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i…
    • 4 dager siden