Vikariat - Styrar Byrte barnehage
BYRTE BARNEHAGE
- Dalen, Vestfold og Telemark
- Midlertidlig
- Fulltid
Barnehagen i Byrte er open måndag, tysdag og onsdag frå kl 07.30 - 16.30.
Det er totalt 2 - 3 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på ca. 180%.
Dei 3 dagane barnehagen er open vil du vere pedagogisk leiar.
Torsdagane nyttast til administrasjon - og møtetid.
Då ein får lange arbeidsdagar måndag til torsdag vil ein kunne avspasere dei fleste fredagar.Arbeidsoppgåver
- Leie barnehagen med fag - og personalansvar.
- Oversikt over økonomi.
- Sikre forsvarleg drift innanfor tilgjengelege ressursar og gjeldande lovverk.
- Sørge for at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.
- Ansvar for samarbeid med føresette, planlegging og gjennomføring av foreldremøte.
- Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande.
- Utdanning innan leiing og leiarerfaring er ønskjeleg.
- Kunnskap om lov- og regelverk gjeldande for fagområdet.
- Gjerne noko erfaring med budsjett og økonomi.
- Kunne sette seg inn i og ta i bruk digitale fagsystem/verktøy.
- God dugleik innan skriftleg og munnleg kommunikasjon.
- Like å leie andre menneske og vere medviten eiga leiarrolle.
- Evne til å inspirere og motivere.
- Vere interessert i fagleg utvikling.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Kontaktinformasjon Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406Arbeidsstad Storvegen 60
3880 DalenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5078891659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026Kontaktperson for stillingenTone Lunde SkaalenKommunalsjef Oppvekst+47 97171406Kopier telefonnummerOm bedriftenTokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.SektorOffentligNettsted